Når såg vi sist at KS, tidlegare kjent som Kommunenes Sentralforbund, tok eit løft for biblioteka? Dei har «Kultur» som eit fagområde (gruppert under «Barn og unge»), men ein må leite lenge om ein eventuelt finn noko om bibliotek der.
Noko anna er det over Kjølen, der systerorganisasjonen SKL nyleg gjekk ut med … ein heil «myteknekkar» om bibliotek med grundig og poengert analyse av bibliotekstatistikken. Og frå før veit vi at dei blant anna er viktige for e-boktilbodet i biblioteka ved at dei har framforhandla rammeavtalen for biblioteka.
Takk til Jan Szczepański, som jamleg syrgjer for det som er av temperatur på fagforumet Biblist.
Leave a Reply