Deichman på gata igjen – etter 112 år

Skjermbilde 2019-05-20 15.00.14Kulturbyen Oslo kan vi i dag lese om Camp Deichman – Deichman sitt nye, sommarlege utandørsbibliotek i Oslo «som består av en container, fire biblioteksykler, en iskrembod-sykkel fra Sandwich Brothers, og en sceneplatting.»

Den offisielle opninga skjer tysdag 21. mai på Stortorvet kl. 16.00. Ein time seinare kjem folkrock-bandet Tusmørke på scena, med «magisk musikk som tar oss gjennom lokale myter og historier og, ikke minst, inn på biblioteket.»

Utandørsbiblioteket må vi kunne sjå i samanheng med eit saftig bibliotekstunt frå byrjinga av det førre hundreåret. Blant anna Nils Johan Ringdal i Deichmanhistoria «By. bok, borger» skriv om korleis …sjefsbibliotekar Haakon Nyhuus og gjengen hans forsøkte seg med parkbibliotek på somrane i hovudstaden nokre år frå 1901. Mottoet var ifølgje Ringdal at: «Folk som bare slappet av, kastet bort tiden.»

I ei pressemelding ved oppstarten heitte det at «bøgerne skal være dels af skjønliterært eller populær-naturvidenskabeligt indhold og dels saadanne, som behandler friluftslivet o.l.»

No i 2019 får vi vite at utandørsbiblioteket ikkje er redd for å ta eksplisitt stilling for miljøet: «Miljø kommer også til å være et gjennomgangstema på Camp Deichmans scene. Allerede denne uka byr utendørsbiblioteket på arrangementer i forbindelse med Urban Future-konferansen og Kutt Matsvinn-festivalen.»

Tilbodet for over hundre år sidan vekte oppsikt i starten, med god pressedekking, men det såg ut til å dabbe av etter 1907, då det berre blei registrert 1560 utlån. Dette kunne kom av at utlånet i parkane ikkje var gratis, oppsummerte Nyhuus sjølv.

PS: Vi taggar dette innlegget med minibibliotek, saman med kvasi-bibliotek i lite format som er med på undergrave skikkelege bibliotek, altså heilt ulikt Camp Deichman. Vi bruker også taggen bibliotekhistorie.

One Trackback to “Deichman på gata igjen – etter 112 år”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: