Frigjeving av nyare norsk «e-litteratur» – Bruk han!

avlevert genser

Truleg ei av dei pliktavleverte norske bøkene frå 2019

Sist oppdatert 24.5.19 kl. 00.16.

Nasjonalbiblioteket annonserer i desse dagar: «Som følge av at pliktavleveringsloven ble endret og forskrift om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument trådde i kraft, vil det bli åpnet for en prøveordning for digital tilgang i Nasjonalbibliotekets nettbibliotek for forsknings- og dokumentasjonsformål

Dei viktigaste avgrensingane ligg i orda med feite typar ovanfor. Fleire avgrensingar går fram av eit brev 2.7.2018 frå Kulturdepartementet til Nasjonalbiblioteket (pdf): For det første at berre fire brukarar får tilgang samtidig og «en karantenetid på to timer etter at aktiv bruk av dokumentet er avsluttet, samt at materialet ikke kan lastes ned.» Her gjeld altså ikkje tidsgrensa for bokhylla.no, som p.t. er ved utgangen av år 2000.

Alle ved institusjonar som er på Feide har alt tilgang, mens for brukarar av andre bibliotek enn dei i UH-sektoren må det søkast … om tilgang, og det er krav om personleg oppmøte på det lokale biblioteket. Meir informasjon om dette kjem i august, skriv NB. Men brevet frå KD til NB nemner fleire gongar folkebibliotek som bruksstader, noko som må bety at styresmaktene er opptekne av at mykje av den viktige forskinga og dokumentasjonen utanfor dei etablerte lærestadene skal få lik tilgang.

Kven lagar ein informativ og god plakat for bibliotekveggen og -heimesida?

PS 1: Lesarane av det vi har skrive på denne bloggen om den seinaste e-bokdebatten vil vite at bokbransjen er skeptisk til heile ordninga og at dei forsøker å bruke henne i kampen om dei kommersielle e-bøkene til folkebibliotek. Sjå motinnlegg frå Lars Egeland.

PS 2: Nyleg skreiv vi om folkebiblioteka som «folkets forskingssentralar» i samband med at Sven Lindqvist gjekk bort, opphavsmannen til ideen. Den nye (prøve-)ordninga vil vere ei logisk fullbyrding av denne ideen frå 1988 når vi skriv 2019.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: