Systematiske litteraturoversikter – også for folkebibliotek

Skjermbilde 2019-05-22 20.51.54

Oppslagsverk er ut. Nettressursar er in.

Eit relativt heitt tema for bibliotekarar på universitet, forskingsinstitusjonar og høgskolar i desse dagar er systematiske oversikter og -søk. Retta mot forskarar først og fremst. Ein ganske omfattande artikkel har funnest på norsk Wikipedia alt i fleire år, og i eit prosjekt på UBO deler dei viktig kunnskap, særleg rundt dei medisinske biblioteka, men også samfunnsfaga kjem med.

Men her på bloggen meiner vi ein bør tenkje slik også når det gjeld folkebibliotek og brukarane deira. Kompliserte prosessar av ulike slag er i dag blitt vanlege i store og små kommunar, der både fagfolk, politikarar, lokalpresse og innbyggjarar vil ha nytte av gode tematiske litteraturlister på nett. Og kven andre enn biblioteket, … gjerne i samarbeid med alle dei nemnde gruppene, skulle kunne lage og vedlikehalde slike?

PS: Nyleg skreiv vi om folkebiblioteka som «folkets forskingssentralar» i samband med at Sven Lindqvist gjekk bort, opphavsmannen til ideen.

Det er faktisk slikt denne bloggen handla om i utgangspunktet. Vi har sett eit namn på denne typen litteraturlister: Biblioteket tar saka.

Bloggaren tar på seg oppdrag å utvikle slike lister eller portalar. Den siste vi gjorde var for nettstaden «Nye kommuner, nye bibliotek». Klikk på «Portalen» oppe til høgre og sjå dei ulike typane innhald (NB: Prosjektet er slutt og ikkje oppdatert på ei tid, og enkelte lenker kan ha døydd).

One Trackback to “Systematiske litteraturoversikter – også for folkebibliotek”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: