Om Nettet tok kvelden

Skjermbilde 2019-10-07 08.48.45Nettstaden Gizmodo har ei sak om kva som ville skje om Internettet over heile verda berre brått slutta å virke. Dei har spurt eit knippe ekspertar (!) på dette emnet og fått … svar. På plussida noterer vi at vi ikkje treng å dra på jobben, for der vil ingenting virke, og at kloakksystema vil virke, i alle fall ei stund, for der er det tyngdekrafta som gjeld. Dei fleste er einige i at bankane vil bli historie før du får sagt ordet kollaps, mens fiskarane kan få tatt ein siste tur til fiskebankane så lenge dei har drivstoff på tanken. Nord-Korea vil truleg klare seg best. Men det vil vi aldri få vite noko om, ikkje no heller. I alle fall ikkje no.

Men alle er faktisk ikkje like pessimistiske på mellomlang og lang sikt. Ein professor, som her blir presentert som oppfinnaren av pakkesvitsjinga, ein føresetnad for Internett (men som dei «eigentlege» oppfinnarane, dreg i tvil), seier slikt som at «People would start thinking again. Libraries would thrive

Interessant nok vil vel meiropne bibliotektilbod …

vere det første som møter veggen, for når kommunikasjonen med securitassane blir broten, blir vel alt blokkert? Om dei bibliotektilsette kjem seg inn og får opna dørane vil dei kunne låne ut det trykte materalet. Og håpe lånarane returnerer dei. Vel å merke dei lånarane og bibliotektilsette som har kjøkkenhage og ein god brønn.

Men i dag er det måndag, og veka er frisk og ny!

PS: Apropos brønn: Les «Vatten» av Torgny Lindgren i «Berättelserna», 2015! Men null treff i Biblioteksøk 😞

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: