
Sveriges første bibliotekar? Eller boktrykkar? Frå Medeltidsmuseet i Stockholm
Til skilnad frå her i landet, kor det aller aller meste av bibliotekdigitaliseringa finn stad ved Nasjonalbiblioteket i Rana, har no det svenske nasjonalbiblioteket, Kungliga biblioteket (KB) i Stockholm, erklært at “Hela den svenska tryckproduktionen från 1400-talet fram till i dag ska göras digitalt tillgänglig”, men det skal skje ved seks bibliotek rundt i landet, nemleg ved universiteta i Göteborg, Lund, Stockholm, Umeå og Uppsala, i tillegg til KB.
Nytt 29.1.: Sjå svar i kommentarfeltet frå bl.a. den svenske riksbibliotekaren.
Materiale som har falle i det fri skal ha høgst prioritet, men det heiter at “samtliga böcker, tidningar, tidskrifter, läromedel och rapporter som getts ut i Sverige ska finnas digitalt tillgängliga”.
Når det gjeld vilkåra for brukarane finn vi i den komplette erklæringa at “Så mycket material som möjligt ska tillgängliggöras enkelt och helt fritt eller till lägsta möjliga kostnad”.
Mykje er uklart her, og det er altså to uttrykkelege atterhald, mot eitt i Noreg (at det nyaste (f.o.m. 2001) ikkje er med i den opne tenesta). Men meir alvorleg i Sverige er det at gratisprinsippet kan vere i fare.
Det siste var faktisk lenge uavklart også i Noreg då bokhylla.no var under utvikling. Vi presenterte nyleg den slett ikkje udramatiske og fleire månader lange prosessen i 2006 …… frå då nasjonalbibliotekaren ikkje ville dementere signal ho hadde gjeve om brukarbetaling, til ho og departementet, etter press frå blant anna NBF-leiar Anne Hustad, gjekk med på gratis bruk.
Ein ekstra grunn til uro er at KB ikkje med eitt ord nemner ein finansieringsmodell lik den norske der forfattarar får kompensasjon for bruk gjennom ein avtale mellom Nasjonalbiblioteket og Kopinor. Dette er finansiert over statsbudsjettet og kostar 37,2 øre per opna bokside. Etter det vi kan sjå av Kopinors årsmelding blir det 14,8 millionar NOK i 2018,