Juli betyr færre nyheitssaker og dermed tid til langlesing. Men i bokhaugen ligg det også titlar vi lenge skulle ha omtalt på bloggen, til dømes ein overliggar frå i fjor: «Bokhistorie. Bibliotekhistorie : en jubileumsantologi fra Norsk bok- og bibliotekhistorisk selskap». Dette er den fjerde publikasjonen NBBS står som utgjevar av. Men dei kvite flekkane på dette kartet er mange, så foreininga hadde fortent meir støtte både med økonomi frå institusjonane og frivillig kompetent innsats. Bloggaren har no meldt seg inn, med ambisjon å skrive litt om dei når dei fortener det.
No fortener dei det. Det er blitt ei fin bok på fleire måtar. Ein del av emna i boka er vi kjende med, men, som det står i baksideteksten: «Utgivelsen presenterer både velkjente temaer i nytt perspektiv og emner som det tidligere ikke har vært skrevet om». Underteikna har faktisk vore på Bibliothèque Nordique i Paris (i 1997), men først no lese meir enn fem linjer om institusjonen. Og om «Rokokkoen i norsk typografi», «Dekorert papir» og tidsskriftet «Magazin for Naturkundskab» visste vi tidlegare ingen ting.
Det er inga stor bok, men dei 131 sidene er innhaldsrike og avdekker eit stort tematisk mangfald. Geografisk spenner det frå Christiania/Kristiania/Oslo via Spydeberg (eigentleg Enebakk) og Trondheim til Paris, og i tid frå 1600-talet til nesten i dag.
Dei to innleiande kapitla handlar om …
… dei to første hundreåra med trykkeri her i landet. Den første boktrykkaren dukka opp i provinsbyen Christiania i 1643, over hundre år seinare enn i hovudstaden København. Dette har det vore skrive om før, men artikkelforfattar Ernst Bjerke argumenterer her for at tilknytinga til Katedralskolen har hatt meir å seie enn det ein har visst til no.
Øyvind Berg har ein interessant artikkel om presten og folkeopplysaren Jacob Nicolai Wilse og framtidsfabelen hans «Philoneus, eller Eftertiden i Norge». I Bergs undertittel heiter det: «Et eksempel på trykkefrihetens grenser og muligheter i Norge på slutten av 1700 tallet».
Den første av dei tre utgåvene av Wilses tekst kom ut i 1779, men boka blei straks konfiskert. Forfattaren sitt val av form, altså framtidsskildring, var ei ikkje uvanleg løysing for kritikarar under ulike einevelde; ved å dikte ei framtid med visse kvalitetar peikte ein indirekte på det ein meinte var feil i samtida.

Til venstre Wilses framtidsbibliotek i fjell anno 1779, til høgre inngangen til NB Rana sitt sikringsmagasin i dag
Wilse innarbeidde då ein snillare variant i ei omfattande topografisk skildring han gav ut om Spydeberg prestegjeld, der han’ var prest. Men i «Philoneus» tok han eigentleg ein avstikkar rett over grensa til Enebakk, til «Mierskovkollen» eller Mjærskaukollen, som han ifølgje Berg «forvandlet til en kombinasjon av et raritetskabinett, kunstkammer og bibliotek». I hallar inne i fjellet blei karakteren Philoneus vist korleis samfunnet ville arte seg i år 2000! (las kulturminister Bakke og riksbibliotekar Rugaas om Philoneus før dei i 1988 fekk ideen om sikringsmagasin i fjellet i Mo i Rana? Men saklege Øivind Berg spekulerer ikkje i dette). Men han gir oss dei fascinerande detaljane om dei skiftande versjonane av teksten, som resultat av sensur og sjølvsensur. Dette var kort tid etter at opplysningsmannen Struensee blei hand- og halshogd i København for det intime tilhøvet sitt til dronninga og forsøket på ein «dansk revolusjon».
Eit lite PS her: «Philoneus» er, når vi skriv 27. juni 2020, ikkje med i Wikipedia-artikkelen «Liste over norske sciencefictionbøker» (men dét er det jo muleg å gjere noko med). Men vi finn referansen i bibliografien over norsk science fiction som bibliotekar Ola Strøm utarbeidde i boka «Malstrøm», den første antologien med norsk sci-fi frå 1972, med Bing og Bringsværd som redaktørar. Både Strøm og Berg nemner Wilse sitt ikkje utgitte handskrift, «Nogle Mærkværdigheder forefundne i et underjordisk Bibliothek», som føregreip «Philoneus» alt i 1765. Notatboka der han skreiv ned dette skal finnast i ein kommune som ikkje lenger finst, nemleg Spydeberg.
Så nemner vi den biografiske presentasjonen av bibliotekaren John Ansteinsson (1893 – 1961), som Berit Ch. Nielsen i overskrifta kallar «En glemt ‘amerikaner’ og bibliotekreformator». «Amerikanarar» i denne samanhengen var dei som tok bibliotekarutdanning i USA for pluss minus hundre-og-ti-tjue år sidan og gjerne jobba nokre år der før dei kom heim og fekk leiande posisjonar i dei største norske biblioteka. Ansteinsson blei ein klar forkjempar for det opne, tilgjengelege biblioteket, i kontrast til den tyske, strenge tradisjonen som hadde dominert. Vi snakkar då mest om akademiske bibliotek, som blei hovudfeltet hans, noko Nielsen held seg til.

«Kontrollkort for tidsskrifter». Frå Ansteinsson: «Bibliotekstell», 1933.
Eit PS her også: Likevel skreiv Ansteinsson i 1916, og i ny utgåve i 1933, den klart folkebibliotek-orienterte boka «Bibliotekstell : en kort veiledning i bibliotekorganisasjon og arbeidsmetoder», som skal ha vore mykje brukt i den uformelle opplæringa av bibliotektilsette ved nokre større norske folkebibliotek, i ei tid då landet ikkje hadde eige fagutdanning for feltet.
Noko anna som vi altså ikkje kjende til før vi las denne boka var tidsskriftet «Magazin for Naturkundskab». Det var eit ein-manns-prosjekt gjennom tjue år (med nokre avbrot) i regi av autodidakten Samuel Albert Ramsvig (1841-1905). Thore Lie har på ti sider samla det meste som kan samlast om denne relativt anonyme mannen og verksemda hans. Han skal ha vore ein stor popularisator av naturvitskap, ikkje minst i Kristiania Arbeidersamfund, der han også blei sentral i utviklinga av arbeidarakademia og seinare folkeakademia over heile landet. Magazinet kom ut kvar veke det første året, 1871, for så å bli «maanedsskrift». Vi kan blant anna lese at «særlig januarheftet fra 1872 hadde gjort et sterkt inntrykk på Garborg».
Vidare bidrog tidsskriftet i 1877 med «utvilsomt en av de grundigste og sakligste innføringer i Darwins lære, siden den … ble introdusert for norske lesere av Asbjørnsen [Peter Chr., vår merknad] 16 år tidligere». Lie skriv at «Ramvigs rolle som Darwins norske ‘herold’ i 1870-årene er i dag lite kjent, men fikk stor betydning her hjemme i dette tiåret».
Interessant er også skildringa av konkurransen med tidsskriftet «Naturen», som til skilnad frå «Magazinet» blant anna brukte moderne antikva typar og ikkje gotiske. Sistnemnde var lenge oppfatta som «folkelege» og «norske», mens antikva var «akademisk». Men som, takk og pris, likevel overtok etter kvart.
PS: Det norske biblioteknettverket har ikkje full kontroll på dette tidsskriftet. I Oria finn vi tre parallelle postar, men med unntak av NB er det berre «usikker status» i dei andre biblioteka. Og tidsskriftet er enno ikkje digitalisert.
Vilborg Stubseid Hovet sin artikkel om «remediering» av Lars Saabye Christensens «Mitt danske album» vil bli verkeleg horisontutvidande for underteikna, men først etter eit par lesingar til og googling av omgrep og namn som «artist’s book», «paratekst» og «Gérard Genette». Det var godt å lese i alle fall éin artikkel på nynorsk, som denne.
Mykje anna frå boka kunne vore referert til, men sjå innhaldsforteikninga nedanfor og kjøp heller boka. Eller lån henne.
Til slutt: Landet manglar eit samlande bibliotekhistorisk verk, for ikkje å seie eit bibliotekmuseum. Men det finst altså to aktive, men ikkje så altfor store miljø; dette rundt NBBS, med eit vitskapeleg preg, og dei som på lokalhistoriewiki.no, i mindre organiserte formar, skriv om historia til kvar sine lokale bibliotek. Vel, Siri Rutledal Iversen er sentral begge stader. Men ein utanforståande, som underteikna, kan våge å spørje om ikkje tida er inne for å slå kreftene saman og gjere eit nytt utspel for å få på plass ei norsk bibliotekhistorie. Norsk Bibliotekforening stod for det førre forsøket, då med tanke på hundreårsjubileet i 2013, men som dei ikkje fekk finansiert.
Her er heile innhaldsforteikninga:
- «Prentet udi Christiania». Nye perspektiver på det første boktrykkeriet i Norge. Ernst Bjerke.
- Samarbeid eller konkurranse? Bokutgivelser i Christiania 1718–1745. Anne Eidsfeldt
- Jacob Nicolai Wilses «Philoneus». Et eksempel på trykkefrihetens grenser og muligheter i Norge på slutten av 1700-tallet. Øivind Berg
- Rokokkoen i norsk typografi. Dekorasjoner med franske forbilder. Torbjørn Eng
- Dekorert papir. En fargesprakende, men underkjent kilde til bokhistorisk kunnskap. Nina Hesselberg-Wang.
- Bibliothèque Nordique – et lite stykke Norden i Paris. Rangdi Unn Hovden.
- Med barn som målgruppe. Nordahl Rolfsen – redaktør, lesebok- forfatter og formidler. Anne Kristin Lande.
- «Vitenskapens verdi». Samuel Albert Ramsvig og Magazin for Naturkundskab. Thore Lie.
- Velkommen inn? – En guidet tur til fire gamle bibliotek. Øivind Frisvold.
- John Ansteinsson. En glemt «amerikaner» og bibliotekreformator. Berit Ch. Nielsen.
- Litteratur og remediering. Lars Saabye Christensens minnebok. Vilborg Stubseid Hovet.
- Norsk bok- og bibliotekhistorisk selskap 1998–2018
Andersen, Tore Kr., Øivind Berg, Torbjørn Eng, and Norsk Bok- Og Bibliotekhistorisk Selskap. Bokhistorie. Bibliotekhistorie : En Jubileumsantologi Fra Norsk Bok- Og Bibliotekhistorisk Selskap. Oslo: NBBS, 2019.
Leave a Reply