Les på senga!

I Dag og Tid denne veka er ei overskrift: «Konkurrerer mot Egner», og i ingressen heiter det: «Barnebøkene til Arne Svingen er blant dei mest utlånte bøkene på norske bibliotek, men bestseljarar er dei ikkje».

Det er ikkje noko nytt for ein bibliotekar: Foreldre og besteforeldre kjøper bøker til barn og barnebarn, men held seg til forfattarane og sjangrane dei sjølve vaks opp med.

Nokre klipp frå intervjuet:

«Det er vanskeleg å orientere seg, og kunnskapen i bokhandlar er variert. Skal du finne kunnskap om barne- og ungdomslitteratur, må du på biblioteket. Svingens barnebøker er populære: I dag er han den tredje mest utlånte forfattaren på norske bibliotek. I bokhandlar, derimot, gjer bøkene hans det mindre bra. Han meiner det er fordi ungane sjølve vel kva bøker dei vil låne på biblioteket».

«Både jenter og gutar les mindre i dag enn før, men jenter les ikkje like lite som gutar. Eg trur dette er ein av grunnane til at 60 prosent av dei som tar høgare utdanning i dag, er jenter».

«Eg har gått tilbake til å tilrå lesing på senga, for på dagtid er det for mange distraksjonar. Om dei opparbeider ein vane med å lese på senga, kan dei kanskje oppleve det eg gjorde: Anten er boka så dårleg at dei sovnar, eller så blir dei liggande oppe lenger enn planlagt fordi boka er så god.»

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: