Lydbok er framtida, men med store manglar på norsk

IMG_0606

«Fabel» har berre 16 titlar i gruppa «Samfunn». Sjå lista lengre nede

Dei nye kommunikasjons- og medievanane under Koronaen er ikkje berre forbigåande, men vil bli varige. Som at videomøte på eit par veker er blitt normen: «Ting som ellers hadde tatt 10-15 år å utvikle skjer nå på noen uker». Og i går skreiv Aftenposten om «Stor økning i lydboklytting». Mange fleire enn før har fått augo, og øyrane, opp for lydboka.

>> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.

I går fekk vi vite at folkebiblioteka får 20 ekstra millionar frå staten til kjøp av kommersielle e-bøker og e-lydbøker. Men kva når kvardagen kjem, i ein situasjon med gjenreising omlag som etter andre verdskrigen og mykje lågare kommunebudsjett enn i dag?

Og om lydboka blir meir jamstillt med både p- og e-boka, så er dette berre halve sanninga. Kan du tenkje deg … eit bibliotek med berre norskspråklege lydbøker? Kva då med sakprosaen? Og andre smalare titlar? På særleg engelsk, men også på svensk, er breidda av titlar i lydbokformatet mykje større enn på norsk.

Her om dagen hadde vi eit forslag til regjeringa om å bøte på dette, noko som også ville kome forlaga og forfattarane til gode. Og ikkje minst ny-arbeidslause skodespelarar som kunne fått jobb som innlesarar.

Her er lista med dei 16 lydbøkene i den norske e- og lydbokappen Fabel (per 23.3.20)

Amelie Ulovlig norsk 2011
Engelstad Hva er makt 2017
Fredriksen Forglem meg ei 2018
Gilbert Øyne i Gaza 2009
Hareide Hva er humanisme 2017
Hellestveit Syria 2018
Holst Hva er feminisme 2017
Høstmælingen Hva er menneskerettigheter 2017
Lippestad Det kan vi stå for 2013
Lippestad Et større vi 2016
Seierstad Bokhandleren i Kabul 2002
Seierstad To søstre 2016
Ulfstein Hva er folkerett 2017
Vevstad Hva er en flyktning 2017
Østerud Hva er krig 2017

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: