Ingen pris for prissettingforslag

I førre veke skreiv Khrono.no om at «professor Hans Petter Graver ved Universitetet i Oslo tildeles Akademikerprisen 2020». Denne kom i tillegg til UiO sin Formidlingspris i juni, etter at han under koronakrisa «kom med prinsipielle innvendinger mot det første forslaget til kriselov». Og det var bra.

Men han bør aldri bli kandidat til nokon bibliotekpris.

Dei som har vore med nokre år og/eller som har vore meir enn gjennomsnittleg interesserte i historia om folkebiblioteka sitt gratisprinsipp, vil hugse eit dokument frå same Graver frå 1994: «Juridisk tolkning av bibliotekloven». Då skreiv og signerte han som …

prof.dr. juris på vegner av Institutt for rettssosiologi ved UiO. På oppdrag av dåverande Statens bibliotektilsyn.

For å gjere ei langdryg handsaming av ei enkel sak kort og ufullstendig, gjengir vi ingressen til ein artikkel han hadde om dette i Bok og bibliotek nr. 5/6 same år:

«Bibliotekloven pålegger kommunene en plikt til å drive folkebibliotek. Loven har en «kjernesone» og en «randsone». Kjernesonen er at det skal ytes gratis bibliotektjenester av en viss standard til allmennheten. Utenfor lovens kjernesone står kommunen fritt til om den vil etablere tilbud. For slike tilleggstilbud kan kommunen kreve betaling».

Det springande punktet den gongen, før internettet sitt gjennomslag, var bibliotektilbod av datatenester, men då søk i spesialiserte basar som ofte kosta ein god del.

Men året etter fekk SB ei ny utgreiing av dette spørsmålet: «Tolking av bibliotekloven §1 – gratisprinsippet» frå Justisdepartementets Lovavdeling (JD). Dei markerte at dei var klart ueinige med Graver. Og dette blei nedfelt i eit svært godt og grundig rundskriv frå Statens bibliotektilsyn året etter.

Med det framveksande og (i starten) stort sett gratis innhaldet på internett kom saka litt i bakgrunnen, men under revisjonsdebatten om Åndsverklova i 2004-05 blei det på ny sett på spissen. I denne kanskje hardaste offentlege bibliotekdebatten til no i dette tusenåret var NBF-leiinga sterkt til stades i riksmedia. Til dømes dåverande leiar av NBFs opphavsrettsutval, Kristine Abelsnes, i Klassekampen 2.8.:

«JD desavuerer [i utgreiinga si frå 1995, vår merknad] både Bing og Graver når de hevder at bibliotekene kan ta betalt for datatjenester innenfor gjeldende lov og «er kommet til et annet resultat. Datatjenester vil ofte være et reelt alternativ til boksamlinger, f eks vil Lovdata … være et alternativ til anskaffelse av forskriftssamlinger. … En avgrensning av gratisprinsippet mot datatjenester vil derfor i praksis kunne føre til et stadig snevrere gratisprinsipp, ved at bibliotekene av økonomiske grunner velger datatjenester framfor bokutlån». 

Bing? Jaudå, den kjende jussprofessor Jon Bing hadde lagt grunnlaget for betalings-oppmjukinga alt i eit trykt vedlegg til NOU 1991:14. Men han gjorde mykje bra på andre felt.

Som vi ser, har Hans Petter Graver nok prisar. Jon Bing fekk Norsk Bibliotekforenings pris i 2004. Kristine Abelsnes fekk han i 2018.

Og redningmannen for gratisprinsippet på Stortinget I 2005 var langt på veg Trond Giske (AP), dåverande andre nestleiar i Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen. 

«DET ER HÅPLØST OG VI GIR OSS IKKE».

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: