
Vi noterer oss at Svensk biblioteksförening har vedtatt å gjennomføre «en grundlig och allsidig undersökning av folkbibliotek med alternativa driftsformer». Dette blant anna etter at Axiell no satsar stort på å drive bibliotek for svenske kommunar og i fjor overtok alle biblioteka i Nacka kommune.
I Noreg er Axiell mest kjend for biblioteksystema Mikromarc+ og Quria, men har også her bibliotekdrift på tilbodslista.
Så den svenske utgreiinga blir også interessant her heime, sjølv om norske kommunar på langt nær har vore så ivrige på privat drift som svenske. Men det første korona-prega budsjettåret vil bli …
… tøffare enn vanleg. Og samtidig har Høgre nyleg lansert utkast til nytt program, med privatisering som eit svært tydeleg signal. Biblioteka er ikkje nemnde i programmet med eitt ord (!), men dei generelle punkta om kultur er prega av formuleringar som «offentlig-privat samarbeid og privat tilleggsfinansiering i kultursektoren», «samspill med aktører fra det frie feltet» og «gaveforsterkningsordning».
Etter sterke reaksjonar forsikra Solberg II-regjeringa for to år sidan at formuleringa i «Jeløy-erklæringa» om «nye modeller for drift av bibliotek» ikkje omfatta privat drift, men no blir det dårlegare tider og kanskje eit styrka FrP på veg inn igjen.
PS: Den første svenske publikasjonen om dette, i 1994, var: «Entreprenad, till vilket pris? : en studie i alternativa driftformer vid folkbiblioteken». Denne var eit resultat av svenske tilstandar på tidleg 1990-tal, ikkje minst i Åre kommune. Boka kom to-tre år etter at privatiseringa der solid hadde kollapsa, men med framleis interesse for privatisering i Sverige, og til ein viss grad også i Noreg.
Leave a Reply