Kjem snart til eit bibliotek nær deg?

Utlånsregistrering ved hjelp av ein slik?

Med ein uklar referanse til tryggleik i samband med koronapandemien innbyr Disney sin Magic Kingdom Park folk til å vere med på test av såkalla biometrisk ansiktsgjenkjenning. Dei vil vel også freiste oss med slikt som å kunne gå ut og inn utan billett og betale «attraksjonar» og servering berre med våre blide åsyn. Men folka bak ein underskriftkampanje mot dette åtvarar mot lekkasjar, hacking osv. som kan føre til misbruk av slike data, ikkje berre til aggressiv marknadsføring, men til overvåking med ulike løynde føremål.

Når det gjeld «digitaliseringa av samfunnet» høyrde vi alt i mars i fjor at «utvikling som ville tatt 10-15 år tidligere, nå kommer i stand på noen få uker». Men miksen av pandemitrugsmål, terrorisme og kunstig intelligens vil flytte …

… grenser også når det gjeld kva vi kjem til å godta av overvåking.

Sjølv med berre lågt forbruk av britiske krimseriar i påska er vi blitt overtydde om nytta av «CCTV» på kvart gatehjørne og i kvar butikk og kontor. Og ifølgje kjentfolk der borte er det heilt vanlig i biblioteka også. Og her i landet? Skal sjå etter neste gong vi får slippe innanfor.

Også i vesle Noreg såg vi i samband med den første Smittestopp-appen at styresmaktene ikkje hadde skjønt, eller ikkje tatt alvorleg, risikoen for personvernet. Og når det gjeld det planlagte «vaksinesertifikatet» meiner Personvernrådet det er fleire «ubesvarte spørsmål».

Her på bloggen har vi ein eigen kategori artiklar om bibliotek og personvern, der denne hører heime. Dei som ikkje har lese Knut Hegna sin artikkel om personvern og aktuelle biblioteksystem i Noreg, bør gjere det no.

PS: Når vi sit klare for å publisere dette kjem Bok og bibliotek nr. 2/2021 i postkassa, og vi les Ragnar Audunson sin tekst om ymse fersk forsking om biblioteka og korona. Her nemner han ei dansk undersøking, men der metoden er det første han reagerer på: «Noe av det mest interessante – og skremmende – ved denne artikkelen er det datagrunnlaget de har hatt tilgang til. Siden januar 2020 har nye administrative registre gjort det mulig å koble alt utlån av så vel fysisk som digitalt materiale i danske folkebibliotek opp mot befolkningsregistre med data om inntekt, utdanningsnivå, innvandrerstatus, barn i familien mv.»

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: