Bibblotek på Sjankasjauen!

Bloggarens oldefar smidde rekkverket rundt bassenget på Haugen. Klikk og kikk.

Etter at Deichman flytta frå Hammersborg har det ikkje vore bibliotektilbod i bydelen St. Hanshaugen i Oslo. Nyleg kom et eit utandørs «sommerbibliotek» på sjølve haugen, altså i parken. Men på Khrono.no kan vi lese om planar kommunen har for å kjøpe seg inn i dei fråflytta bygga til Veterinærhøgskolen på Adamstua:

«Nå vurderer Oslos byråd å kjøpe store deler av Veterinærhøyskolens tomt. Tomtearealet er på over 50 mål, noe som tilsvarer sju fotballbaner. Det skal gi kommunen plass til skole, flerbrukshall, bibliotek og bydelspark».

Tommærn opp!, ville Oslolos1 sagt.

2 Comments to “Bibblotek på Sjankasjauen!”

  1. Helt feil navn ?» Sa’tansauen» het den min barndom – jeg må jo vite det, som gikk i «park», der!

    • Tusen takk, Berit, for denne kommentaren! Får meg til å minnast eit brev vi fekk frå nokon i USA då vi jobba i Statens bibliotektilsyn på 1980- og 90-talet. Det var adressert til Satens Bibeltilsyn. Sjølvsagt må han ha eit slikt! Men det må ein vere gudeleg nordamerikanar for å forstå.
      Har også fått ein kommentar privat om at Sankasjævven må parken og no bydelen heite. Var viss på at eg hadde lese Sjankasjauen i Trygve Bull si fantastiske bok «Språket i Oslo», men det må ha vore ein annan stad. https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2015091508004
      Dette med at s blir sj (som i versjonen min) må vi gå djupare inn i. Eit anna døme er Sarpsborg, som det heiter i skrift. Lokalt insisterer dei (blant anna biblioteksjefen der) på at det heiter Sasjbårr, mens til dømes mossingar i moden alder seier Sjasjbårr. Eller Særp.
      Har også fått eit spørsmål om kvifor Oslolos1 ikkje heiter Osjlolos1. Godt spørsmål.

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: