Når Masterkortet trumfar bibliotekkortet

Når det gjeld e-bøker ligg som kjent USA og den engelskspråklege verda langt føre den norskspråklege. Der blei det langt tidlegare vanleg å gje ut på papir og elektronisk parallelt, og eldre norske bøker har berre i liten grad kome som e-bok, sjå til dømes at berre to av Stein Mehren (siste utgjeving i 2008) sine 21 titlar/utgåver er å få kjøpt som e-bok hos Ark.

Men kanskje er det ein fordel for oss å kunne lære av feila dei må gjennomgå før oss. Eller er det ingen veg utanom?

Ifølgje ei sak på «The Daily Beast» nyleg er éin slik «feil» blitt ekstra tydeleg i USA no under koronaen: «Publishers Are Using E-books to Extort Schools and Libraries». Reinspikka pengeutpressing, meiner dei.

Dette er jo standarden også hos oss; at bibliotek og skolar ikkje får eige, men berre leige nedlastbare e-bøker. Eit døme frå artikkelen: Eitt enkelt e-eksemplar av Anne Franks dagbok kan koste ein skolekrins heile 27 dollar per elev per år – og der mesteparten av pengane går til søkkrike forlag.

Bloggaren kjenner dårleg til undervisningsmetodar og pensumordningar i norsk skole i dag, men kanskje er også vi der snart?

Ein representant for skoleverket oppsummerer ulikskapen som då oppstår mellom rike og fattige elevar og familiar slik:

«Folk kan framleis få tilgang til ressursar med eit kort, men det er ikkje lenger med eit bibliotekkort eller student-ID; det er med kredittkort. Eit bibliotekkort er ei legitim, utjamnande kraft som sikrer at alle har tilgang til kunnskap».

Eller det skulle ha stått: «Eit bibliotekkort var og burde framleis vere ei legitim, utjamnande kraft …».

2 kommentarer to “Når Masterkortet trumfar bibliotekkortet”

  1. Jeg ser stadig oftere at bøker som jeg før var vant til å finne på høyskoler/universiteter som mulig å låne inn, nå bare eksisterer som e-bok. Vi utenfor alma får heller ikke sett hvilken institusjon som eier dem slik at vi om mulig kunne anbefale låner å spørre på stedet om de bor nær, om å få lese den på en av lesesalens PC-er.

    • Hei, Janne. Eg har berre referert dette i artikkelen. Veit ikkje meir. Korleis det er på eit norsk folkebibliotekgolv er det du og kollegaene som veit. Men kva om t.d. Bergen Off forsøker å kjøpe den eine eller andre e-boka av den typen du snakkar om? Har de prøvd? Får de i det heile tatt kjøpt dei til bibliotekbruk? Om ikkje, så blir det den enkelte lånaren som må ha råd til det.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: