Berekraft: Konsensus eller «debattar som det sprutar av»?

Tamme berekraftmål

Orda i hermeteikn er tidlegare NBF-leiar Mariann Schjeide sine frå Aftenposten då norske folkebibliotek gjennom biblioteklova for sju år sidan blei «utvida» til uavhengige møteplassar og «debattbibliotek».

Men først: FN og berekraftmåla (SDG) er blitt ei stor sak i bibliotekmiljø over heile kloden. Til dømes i Danmark: I prosjektet «DB2030» poengterer dei «folkelig forankring» og å «gøre FN’s verdensmål borgernære og forståelige».

Vil den ambisiøse danske satsinga kunne møte utfordringa vi peika på for ein månad sidan? Vi hevda at biblioteka bryt med sine eigne prinsipp om dei ikkje – også – presenterer den eksisterande kritikken mot FN og SDG. For, skriv vi, «på få andre område rår det ein nasjonal konsensus så sterk som her. FN representerer noko nærmast udiskutabelt både i vide politiske krinsar og i hovudstraums media. Dette smittar også over på berekraftsmåla og SDG».

Samfunnsanalysen i FN sine 17 berekraftsmål og IFLA si oppfølging er mildast talt tam. Etter pandemien blir det endå tammare, slik den sosiale og økonomiske kløfta aukar både globalt og mellom fattige og rike i det enkelte landet.

Dei 17 utfordringane til FN er alvorlege og reelle, men fleire følgjer direkte av den veksande globale kapitalismen dei siste tiåra, likevel innbyr ikkje SDG til systemdebatt med eitt ord. Trass i at kritikken mot den aggressive, nyliberale kapitalismen har vakse …

… internasjonalt og i mange miljø, frå forskingsmiljø til fotballstadion.

Danskane har også vedtatt ei «Verdensmålserklæring». Denne inneheld ordet «global», men på ein måte som får det til å låte mest positivt og hyggeleg: «En del af det globale fællesskab og ansvarlighed for vores fælles planet. Det er det universelle sprog, og en fælles ramme og forståelse som vi deler med resten af verden».

Nei, bloggaren er ikkje imot bibliotek-engasjement for ei berekraftig framtid, og, nei, bloggaren meiner ikkje at biblioteket skal vere verken anti-kapitalistisk eller kommunistisk (med unntak av når det gjeld fri flyt av forskingslitteratur, jamfør Mikael Böök her på bloggen). For dei berande ideane for 2020-åras folkebibliotek, no også kjent som «debattbibliotek», er og blir demokrati, informasjonsfridom og fri meiningsutveksling.

Danskane har faktisk eit eige, flott verktøy for å kunne balansere «vanskelege» debattar. Sjå til dømes Faktalink.dk sin artikkel om Kapitalismen.

Meir om dette:

Søk på «SDG weaknesses»: Google Scholar / Google sammendrag av søkeresultater.

Sjå også: Kor populære er «FNs mål for bærekraftig utvikling»? 🙁

PS: Gå ned til høgre her og «Følg Blogg via E-post», saman med p.t. 911 andre. Eller følg på Twitter eller Facebook.

One Trackback to “Berekraft: Konsensus eller «debattar som det sprutar av»?”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: