Biblioteket og Vedums nye sørviskontor

Foto: Frederick Kihle (CC BY 2.0)

>> Oppdatering om USA 13.6.

Valkampen er i gang, og Senterpartiets Trygve Slagsvold Vedum ønskjer å framstå som nasjonens største desentralisator. Større enn Støre i alle fall. Statlege sørviskontor-funksjonar i alle kommunar er ein del av dette, ettersom både politi, NAV og skatt er blitt regionaliserte eller nedlagde under Solberg (høyr NRKs Politisk kvarter 4.6., spol ca. 10 min. ut i programmet).

Vedums forslag kan høyrast fornuftig ut, også fordi det er konstatert at heile 600 tusen vaksne ikkje er nettbrukarar eller sliter med dette.

Også den lokale løysinga hans kan verke tilsvarande fornuftig; å la dei statlege flytte inn i dei kommunale sørviskontora (eller -torga. Eller service-, om du vil. Eller informasjonstorg/-kontor).

Men no blir stadig fleire kommunale sørviskontor fusjonerte med bibliotek. Kva kan då følgjene bli for dei sistnemnde?

Kor mange slike kombinasjonar vi har, veit vi ikkje, for i den nasjonale bibliotekstatistikken (klikk «Rådata») spør ikkje Nasjonalbiblioteket om dette, merkeleg nok. Vi får berre vite at biblioteka i 236 av 422 kommunar (2019-tal, altså før kommunereformen) har samarbeid med «annen offentlig virksomhet» (enn skolar; altså folke- og skolebibliotek i kombinasjon). Men det aukar; ein del nye «storkommunar» har nytta omorganiseringa til slik samanslåing med sørviskontor.

Her på bloggen har vi i mange år vore kritiske til bibliotek + sørviskontor. Både av prinsippielle og praktiske grunnar.

Først det prinsippielle: Ikkje minst etter lovrevisjonen i 2014 er det tydeleggjort at folkebiblioteket skal kjøpe bøker og arrangere debattmøte uavhengig av kva kommunal administrasjon og politikarar måtte meine (noko underteikna skreiv ei heil bok om tretten år tidlegare). Mens sørviskontora derimot har som éi av oppgåvene sine å informere om fleirtalsvedtak i kommunen, for ikkje å seie drive kommunal propaganda.

I Danmark er heile 98 prosent av biblioteka fusjonerte med kommunal «borgerservice». Både kulturdepartementet og bibliotekforeininga gjekk for nokre år sidan inn for dette med stor lyst, med grunngjevinga at biblioteket då fekk «eit nytt bein å stå på» (eller kva det heiter på dansk). Men noko blant anna den tidlegare forbundsleiaren Elsebeth Tank gjekk sterkt imot.

I USA har slike fusjonar, der dei er innført, gjort at bibliotek har endra image; dei har mista brukarar og grupper som tidlegare oppfatta biblioteket som ein «fristad», som den einaste offentlege etaten utan styresmaktenes peikefinger og kontroll. Dette vil nok gjelde grupper i Noreg også, som i utgangspunktet har lågare tillit til styresmaktene enn den gjennomsnittlege kvite nordmannen. Vi har jo sett korleis nokre innvandrargrupper ikkje har møtt til korona-vaksinering fordi dei ikkje stoler på det offentlege helsevesenet.

Når det gjeld USA, så er mange folkebibliotek blitt «uoffisielle sørviskontor» på den måten at dei løyser alle slags problem for dei store ressurssvake gruppene, både fattige og dei som «berre» manglar tilgang til nettet. Dette er tradisjon frå langt tilbake.

På det nye biblioteket i Århus, Dokk1, var «borgerservice» integrert, men dei laga seinare eit fysisk skilje . Vi var der etter at denne avdelinga stengde.

Til det praktiske: Det har vore blanda røynsler med komboen bibliotek + sørviskontor. I nokre heilt små kommunar har samanslåing vore positivt ved at det har ført til auka opningstider for biblioteket, men andre stader har det fungert dårleg for begge partar når lokala ofte ikkje har tillate god avskjerming for sørviskontoret sine klientar. Dei har kjent seg uthengde når bibliotekbrukarar har sett dei gå til sørvisavdelinga, kanskje berre bak ein skjermvegg.

I UK har regjeringa gjennom nedskjeringspolitikken pressa mange kommunar til å omgjere biblioteka til «community hubs», eit «sukra» uttrykk for eit ofte sterkt redusert bibliotek, der alt frå skattefuten til politiet har ete seg inn på areala. Og øydelagd det uavhengige preget til biblioteket.

Ein kan håpe staten stiller med ekstra kvadratmeter og sjølvsagt kvalifisert personale når dei også skal flytte inn, men trur vi på det?

One Trackback to “Biblioteket og Vedums nye sørviskontor”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: