Er slaget om innbyggjartorget avlyst?

«Torvet Bok & Mer» – det samlande slagordet på Skjønhaug i Indre Østfold

På Bibliotekseminaret om bibliotek og demokrati i Stavanger i september tok byens bibliotek- og kulturhussjef, Anne Torill Stensberg, frå tilskodarplass opp spørsmålet om innbyggjartorg og bibliotek (sjå videoen etter 1.47). Ho var opptatt av at «det foregår en oppblomstring og framvekst av innbyggertorg som en arena for mye av det samme som vi tradisjonelt driver med …[og ho var uroa over at] … bibliotekene skal være en integrert del av et innbyggertorg, ledet av noen andre. Det kommer ganske sterkt inn, og det er mange som ønsker at det skal lykkes, kanskje mer enn at vi nødvendigvis skal lykkes.»

Ho tok det opp igjen i debatten (etter 3.06.50) og fekk svar frå Svein-Arne Tinnesand frå Nasjonalbiblioteket som vedgjekk at den sentrale institusjonen i slike torg «kunne vore biblioteket, men vi blir pressa i ei retning». Før han viste til eit pågåande prosjekt dei støttar: «Beste praksis for bibliotek og innbyggertorg».

Men i begge kommunane som driv prosjektet (Drammen og Indre Østfold) er modellen bibliotek + innbyggjartorg for lengst vald, og deltakarane er primært ute etter «beste praksis». Eller å gjere det beste ut av det, får vi inntrykk av. Og spørsmålet til Stensberg som går på kvalifikasjonane til bibliotek- og torg-leiaren, står ikkje …

… i mandatet. Eigenpresentasjonen av prosjektet (sjå lenka ovanfor) er dominert av optimisme rundt I + B-kombinasjonen.

Men dette står faktisk i kontrast til Tinnesand som også vedgjekk at det var sentraliseringa i samanslåtte kommunar som utløyste behovet «i ytterdelane» av storkommunane for lokale kommunehus med noko slags innhald. Nokre bibliotek kunne elles ha blitt nedlagde, meinte han. Det stemmer nok, trass i alle lovnadar for to år sidan om at det ikkje skulle skje.

Norsk Bibliotekforening hadde eit webseminar om temaet i august, men som underteikna ikkje fekk tid til, og som ikkje ligg ute i noka form. Men NBF skriv tre sider om temaet, likevel ikkje om seminaret, i «bilaget» sitt i nyaste Bok og bibliotek. Også dei frå Indre Østfold som blir intervjua her gir berre inntrykk av optimisme, og heller ikkje her er biblioteksjefutfordringa nemnt. Er biblioteksjefen i Stavanger så heilt på jordet?I Indre Østfold, ein fusjon av fem tidlegare kommunar, er ikkje innbyggjartorg og bibliotek berre samlokaliserte, som dei fleste andre stader, men også samorganiserte. Ifølgje organisasjonskartet har dei ein «enhetsleder» for bibliotek, men over henne er det ein «seksjonsleder» for innbyggertorg og bibliotek. Han er, såvidt vi veit, utan bibliotekutdanning.

Sparebanken inngår ikkje i det samordna torget på Skjønhaug i tidlegare Trøgstad, no Indre Østfold.

3. mars i 2020 skreiv Ulla-Britt Waagaard, tidlegare biblioteksjef i Askim (som no inngår i Indre Østfold), i Smaalenenes Avis blant anna:

«Ved at Askim bibliotek slås sammen med innbyggertorget, slår man sammen to virksomheter som har helt forskjellige fagområder. Den nye modellen gir en meget uklar struktur. Bare navnet er forvirrende: Askim kommune innbyggertorg og bibliotek. Her raseres en av historiens mest solide merkevarer siden oldtiden. 

Begrepet bibliotek har stått sin prøve og og vært en garantist for kvalitet gjennom tusener av år. Mens bergepet innbyggertorg er et nytt begrep med uklar definisjon for de aller fleste. Stillingstrukturen gir grunn til bekymring. Leder for innbyggertorget skal også være leder for biblioteket».

Ho fekk aldri noko svar frå dei ansvarlege, og slett ikkje i avisa.

I prosjektet si målsetting er likevel særleg punkt 4 viktig etter vår meining: «Undersøke og beskrive hvordan man kan sikre og utvikle biblioteket som uavhengig møteplass i ny organisering». Det blir spennande å sjå kva som kjem om dette, for biblioteket er jo uavhengig, også i forhold til kommuneleiinga og -politikarane, mens innbyggjartorget må vere lojale til kommunale fleirtalsvedtak når folk spør om informasjon.

Berre biblioteket kan gjere slik biblioteksjef Aud Jorunn Hakestad ved Klepp bibliotek viste til under seminaret i Stavanger (etter 3.06). Då kommuneleiinga ikkje visste korleis dei skulle arrangere virtuelt folkemøte om ei reguleringssak, tok biblioteket jobben, men måtte krangle seg til å vere uavhengige møtestyrarar.

Bloggaren har jobba med dette både journalistisk og byråkratisk i Statens bibliotektilsyn, heilt sidan tidleg 1990-tal. Mykje av historikken, også frå nabolanda og frå USA og UK, skildra vi i eit blogginnlegg i juni då Vedum foreslo å desentralisere ein del statlege oppgåver (sentraliserte under Solberg) til kommunale sørviskontor. No ser vi at dette har kome med i Hurdalsplattforma også, sjå side 34 og 65. Så dette kan vekse seg stort.

Kan dette bli smuttholet for bibliotek-uvennlege kommunar? Og kome for fullt om/når kommuneøkonomien møter den post-pandemiske krisa?

PS: På visse vilkår var underteikna i 1997 (då som journalist for Bok og bibliotek) entusiastisk til kombinasjonen, men det var då det vesle biblioteket i Namsskogan i Trøndelag fekk utvida opningstida til 39 timar i veka på denne måten. Denne effekten er ikkje like viktig i dag, når meirope, sjølvbetente bibliotek er blitt vanlege.

Alternative omgrep (hei, søkemotorar!): Servicekontor, sørviskontor, offentlig / offentleg servicekontor (OSK), informasjonskontor, innbyggertorg. Og på dansk: borgerservice.

Her på bloggen er det per 29.3.22 i alt 7 artiklar med stikkordet «Sørviskontor».

4 Trackbacks to “Er slaget om innbyggjartorget avlyst?”

Leave a Reply