Gjennombrot for lydbøkene?

Utan e-innhald er biblioteket ein tapar på 2020-talet. CC-BY Ill:: Gan Khoon Lay 

I kulturdelen av Klassekampen i dag er igjen strøyming av lydbøker eit hovudtema. No handlar det om endå eit internordisk forlagsoppkjøp og dermed ei femte strøymeteneste for lydbøker her i landet. Men også om at debutantane ikkje slepp til i lydbokformatet. Leiaren av Forfattarforeningen, Heidi Marie  Kriznik, «mener at strømmetjenestene har ført til en enda større grad av konsentrasjon rundt bestselgere enn det som har vært tilfelle i bokhandel.

– Aldri har så mange kunnet lytte til så mange titler, men aldri har så mange lyttet til så få. Sånn strømmetjenestene er innrettet, trekkes litteraturen i en annen retning enn det som er målet for litteraturpolitikken. Det går mot mer enfold og ikke mer mangfold».

Folkebiblioteka har tradisjon på å formidle det nye og det «smale» i tillegg til bestseljarane, men forlaga set prisen for biblioteklytting så høgt at biblioteka ikkje får råd til å marknadsføre verken det eine eller det andre i dette formatet.

I september i fjor varsla Nasjonalbiblioteket at gjennombrotet i forhandlingane med forlaga var like om hjørnet. Her på bloggen har vi etterlyst resultatet av dette fleire gongar. No kom det faktisk noko om lydbøker på NB si heimeside, men dette kan vel umuleg vere heile gjennombrotet: «at utlån av lydbøker defineres som at når en bok har blitt lyttet til av en låner minst 10 % av total spilletid»?? 

Dette er sjølvsagt ein framgang frå tidlegare, då berre det å opne ei lydbok genererte 1 stk. utlån og full betaling til forlaget! No blir ho kanskje ikkje fullt så mykje …

… som fem gongar så dyr for biblioteket som ei lydbok på CD. Det er nok lita trøyst for biblioteket i Alta, til dømes.

Dette er i alle fall eit godt stykke frå dei krava Bibliotekarforbundet stilte for to år sidan:

  • Redusert merverdiavgift eller nullmoms på e-bøker og e-lydbøker må medføre leveringsplikt til bibliotekene.
  • E-bøker og e-lydbøker må inn i bibliotekvederlaget.
  • Prisen på e-bøker og e-lydbøker i klikkmodellen kan ikke være høyere for bibliotek enn for strømmetjenester.
  • Antallet e-bok-lisenser i innkjøpsordningene for barn og unge må økes betydelig.
  • Kulturdepartementet bør øke vederlaget for e-bøker i innkjøpsordningene.
  • Kulturdepartementet bør inkludere e-lydbøker i innkjøpsordningen for ny norsk skjønnlitteratur for barn og unge.
  • Digitalt og fysisk innhold må være lovmessig likestilt.

PS: Nasjonalbiblioteket har ikkje flagga dei 10 prosenta med speletid andre stader enn på heimesida, kanskje fordi dei innser at det ikkje er all verda å skryte av. Noko anna som ikkje er flagga i stor stil er Prosjekt Digin som tre fylkesbibliotek står bak. Men dette fortener merksemd.

Målet deira er å «lage en modell for felles anskaffelse og drift av digitale innholdstjenester, samt markedsføring, statistikk-håndtering, kursing av ansatte og teknisk utvikling knyttet til sluttbrukerens opplevelse av innholdstjenesten. Dette mener vi vil kunne bidra til et likere digitalt bibliotektilbud i landet, samt profesjonalisere anskaffelsen og styrke forbrukermakten til bibliotekene. Prosjektet vil dekke innholdstjenester som ikke allerede dekkes av Nasjonalbiblioteket».

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: