Papiravislesing med stil

Avislesing ifølgje Storm P (som no er i det fri!)

Den ofte skarpe og utstuderte petitsignaturen Hærverk i Klassekampen skriv 24. august om lesing av papiraviser på nye Deichmanske bibliotek i hovudstaden. Dette skjer «i høye, beigebrune ørelappstoler» på ein mesanin*. Og lesarane, får vi inntrykk av, er mest distingverte herrar, og dei «mangler bare pipe i hånda, og hvis man kler seg ut som femtitallsfrue og serverer dem frokost mens man maser og skravler, kommer de sikkert til å lage en helt autentisk mann-bak-avisa-lyder. Uten å slippe teksten med blikket strekker de seg etter kaffen. Det rasler i nytt papir og lukter dagfersk trykksverte når de blar».

Er dette sjangertillaten overdriving, eventuelt blanda med nokre fordommar om bibliotek, eller stemmer det kanskje?!

Som koronarisikabel av tredje grad har bloggaren berre såvidt vore innom det nye biblioteket og kan ikkje seie om det er dekkande. Men det stemmer svært dårleg med fleire andre bibliotek vi kjenner. Der høyrer avislesarane verkeleg til dei breie laga av folket. Blant anna slike som ikkje har råd til å …

… tinge aviser eller som bur så trongt at til og med ei tabloidavis tar for stor plass. Desse gruppene låner kanskje ikkje mange lødige bøker og går ikkje på bokbad og foredrag, men aviser les dei på biblioteket.

Men om det er blitt annleis i Bjørvika, kan det då skyldast at oslopolitikarane, Deichmanleiinga og arkitektane har ønska seg det det så mondent?

Og enkelte har, tru det eller ei, ymta om at bibliotekarkitekturen og -innreiinga på 2000-talet ikkje først og fremst appellerer til dei litt «down and out» blant oss.

* Mesanin er arkitektspråk for mellometasje. Så seier Wikipedia: «Mesaniner forekommer ofte i renessansens proporsjonsbaserte palassarkitektur». Og altså i moderne folkebibliotek.

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: