«- Dermed kan både kunstnere og biblioteker forvente et solid løft»

Slik heiter det i ei etter-stortingsvalet-sak på kultursidene i Klassekampen i dag. Denne sjølvsikre lovnaden blir konkret knytt til to kulturpolitiske storhendingar, får vi inntrykk av, frå den førre raud-grøne perioden:

«Etter åtte år med blå kulturpolitikk lover SV, Sp og Ap å følge opp løftene fra Kulturløftet 3: Den kulturelle grunnmuren skal styrkes over hele landet, i tråd med anbefalingene fra det såkalte Enger-utvalget i 2013».

Ein skal helst ikkje jakte på negative poeng når noko så positivt har skjedd som dette regjeringsskiftet, og når folk som Freddy André Øvstegård (SV) og Anette Trettebergstuen (Ap) uttaler seg om kultur- og bibliotekpolitikk. Men i samanheng med Kulturløftet 3 og Enger-utvalet skjedde det faktisk ikkje noko særleg i raud-grøn regi. I alle fall ikkje for folkebiblioteka:

Den omtalte kulturelle grunnmuren til Enger-utvalet var ingen annan enn folkebiblioteket. Men i «Kulturutredningen 2014», som namnet var, var biblioteket også den store taparen på kulturfeltet under dei to første «kulturløfta» til dei raud-grøne mellom 2005 og 2013. I kontrast til gode løft på dei fleste andre kulturområda. Enger & co. kravde tøffe tiltak for biblioteka og meinte styresmaktene måtte vurdere øyremerking.

Men då underteikna (som dåverande journalist for NBF) intervjua APs kulturminister Hadia Tajik under lanseringa av rapporten, avviste ho bryskt at øyremerkt statstilskott var aktuelt (dessverre forsvann dette intervjuet frå NBF-sidene, saman med det meste anna «eldre» innhald, i samband med ei minimalisering av nettstaden for nokre år sidan).

Det heiter vidare i Klassekampen at «Etter den rødgrønne valgseieren er kulturlivets forventninger skrudd i taket». Men det stemmer ikkje særleg godt med valprogramma frå i år. I alle fall ikkje for folkebiblioteka sin del.

2 Comments to “«- Dermed kan både kunstnere og biblioteker forvente et solid løft»”

  1. Vi har vel egentlig aldri kommet nærmere øremerkede midler enn prosjektmidlene til arenautvikling som kom under sittende regjering. Lav terskel for å søke, og pengene har kunnet brukes på konkrete ting som utstyr og frikjøp av folk. Om det skyldes regjeringen, endringer i NB eller noe annet vet ikke jeg. Men det har vært viktige penger der jeg jobber i hvert fall. Blir interessant å se om vi merker noe særlig til regjeringsskiftet.

  2. Ja, men etter den første, og kanskje andre runden med arenautvikling, kor mykje anna enn til tidsavgrensa forsøk har det vore? Til skilnad frå til opprusting? Som i Sverige. Der har regjeringa no forlenga ordninga med «Stärkta bibliotek», der statstilskott til opprusting inngår. Blant anna har det ført til fleire bokbussar og -bilar. Forskarar ved bibliotekutdanninga i Borås har denne veka offentleggjort ei evaluering av den første perioden. Eg kjem tilbake til dette i ein bloggpost. Når eg får tid…
    https://news.cision.com/se/kulturradet/r/kulturradet-presenterar-uppfoljning-av-satsningen-starkta-bibliotek,c3414588

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: