Archive for ‘Bibliotekpolitikk’

september 15, 2021

«- Dermed kan både kunstnere og biblioteker forvente et solid løft»

Slik heiter det i ei etter-stortingsvalet-sak på kultursidene i Klassekampen i dag. Denne sjølvsikre lovnaden blir konkret knytt til to kulturpolitiske storhendingar, får vi inntrykk av, frå den førre raud-grøne perioden:

«Etter åtte år med blå kulturpolitikk lover SV, Sp og Ap å følge opp løftene fra Kulturløftet 3: Den kulturelle grunnmuren skal styrkes over hele landet, i tråd med anbefalingene fra det såkalte Enger-utvalget i 2013».

Ein skal helst ikkje jakte på negative poeng når noko så positivt har skjedd som dette regjeringsskiftet, og når folk som Freddy André Øvstegård (SV) og Anette Trettebergstuen (Ap) uttaler seg om kultur- og bibliotekpolitikk. Men i samanheng med Kulturløftet 3 og Enger-utvalet skjedde det faktisk ikkje noko særleg i raud-grøn regi. I alle fall ikkje for folkebiblioteka:

Den omtalte kulturelle grunnmuren til Enger-utvalet var ingen annan enn folkebiblioteket. Men i «Kulturutredningen 2014», som namnet var, var biblioteket også den store taparen på kulturfeltet under dei to første «kulturløfta» til dei raud-grøne mellom 2005 og 2013. I kontrast til gode løft på dei fleste andre kulturområda. Enger & co. kravde tøffe tiltak for biblioteka og meinte styresmaktene måtte vurdere øyremerking.

Men då underteikna (som dåverande journalist for NBF) intervjua APs kulturminister Hadia Tajik under lanseringa av rapporten, avviste ho bryskt at øyremerkt statstilskott var aktuelt (dessverre forsvann dette intervjuet frå NBF-sidene, saman med det meste anna «eldre» innhald, i samband med ei minimalisering av nettstaden for nokre år sidan).

Det heiter vidare i Klassekampen at «Etter den rødgrønne valgseieren er kulturlivets forventninger skrudd i taket». Men det stemmer ikkje særleg godt med valprogramma frå i år. I alle fall ikkje for folkebiblioteka sin del.

september 13, 2021

Kulturvalkampen! – i 2004-5 …

Frå debattmøtet 1. september 2005

Mange… i alle fall nokre lesarar av denne bloggen hugsar godt stortingsvalkampen i 2005 då noko av det mest drivande som skjedde, og klart det første (over eitt år før valet!), var det raud-grøne kulturløftet! AP, SV og SP samla seg om minst 1 prosent til kultur, pluss femten punkt med skriftlege lovnader, jamfør Ny Tid (på partinettstadene slettar dei historikken ved at dei lar det nye og gjeldande avløyse alt det tidlegare. Fleire slettar det også i Internet Archive, sjå til dømes AP. Historielaust og flautt, men kanskje valkamptaktisk lurt …).

I dei femten punkta deira var ikkje biblioteket å sjå, men på Nasjonalbiblioteket var det 1. september 2005 eit ope konfontasjonsmøte med kulturminister Svarstad Haugland og regjeringspartia, der også biblioteket blei tatt opp.

Underteikna var då journalist for NBFs nettstad og skreiv om dette. NBF har også sletta det meste «gamle», etter ei full minimalisering av nettstaden, men med litt strev finn vi det i alle fall på Internet Archive: 1.9.: «Valgjerd utset ABM-lovnadane til 2014» og «Kulturkameratane” reagerer på Svarstad Haugland».

I valkampen i år oppsummerer samfunnsforskarar til avisa Vårt Land 9. september blant anna at: «– Kultur er et lite politikkfelt, det er små penger. I en valgkamp der alle spisser temaene veldig, er det ikke så overraskende at kulturpolitikk ikke er med. Andre små områder er også lite framme, … . Han [Ola K. Berge ved Telemarksforskning] tror det vurderes som dårlig valgtaktikk å gi seg inn i en kulturdebatt. Den passer heller ikke inn i det han kaller medienes strømlinjeformede valgkampnarrativ. Grovt tegnet mener han det kulturpolitiske skillet går mellom Fremskrittspartiet og de andre. – Områder med så stor enighet er vanskelig å spisse». 

august 3, 2021

Biblioteket i valprogramma – om du lurte

På bloggen har vi gått gjennom valprogramma, men med atterhald om at noko kan mangle, for ikkje alle partia har presentert tydelege stortingsvalprogram i form av eitt dokument.

Som for fire år sidan er det mykje innslåing av opne dører. Folkebibliotek er no blitt ei så eksklusivt kommunal oppgåve her i landet (til skilnad frå bl.a. Sverige), at rikspolitikarane har mista interessa (éitt av fleire prov på dette er at i denne valperioden har Kulturkomiteen på Stortinget hatt berre éi – 1 – biblioteksak på kartet).

Dårleg motiverte som vi altså er til å kommentere desse dokumenta, avgrensar vi oss til å nemne at vi ikkje fann eitt ord om bibliotek i Høgre sitt program og at AP har eit punkt om at meiropne bibliotek skal utviklast til aktive møteplassar. Altså ei reversering av alle «meirope» til bemanna bibliotek?!

Men her kjem dei i alfabetisk rekkjefølgje:

read more »
Translate »