No blei du nysgjerrig! Vi googla dette og fann til dømes at éin av fem:
- norskingar bruker aldri sykkelhjelm
- 9-åringar bruker mobilen minst to timar kvar dag
- personar i arbeidsfør alder står utanfor arbeidslivet i Noreg
- av landets au pairar bur i Asker og Bærum.
Nei, vi vil fram til at berre éin av fem (18 %) av svenskane bruker dei elektroniske tenestene til folkebiblioteka. Dette ifølgje Biblioteksbladet i dag. Dei viser til rapporten Svenskarna och internet 2021. Men det betyr ikkje at folk flest er digitalt heilt hjelpelause, for fire av fem bruker nettet til skattebetaling og helsetenester.
>> 28.10.: Eit godt spørsmål dukka opp i kommentarfeltet i Biblioteksbladet: «18% av vad? Befolkningen?». Om svaret er ja, som ein må tru, er e-bruken ikkje så dårleg. 18% av landets 10,3 millionar innbyggjarar, er altså 1,8 millonar, og biblioteka har 3,6 millionar «aktiva användare». Altså bruker halvparten e-tilboda. Så les vidare med dette i tankane.
Nedanfor har vi kopiert inn oversikta over den digitale bibliotekbruken i ulike alders- og samfunnsgrupper. Men stort meir får vi ikkje vite i denne undersøkinga. Det står heller ikkje noko …
… om kva dei reknar som e-tenester i biblioteka, berre «t ex låna en digital bok». Kva med å vere tilskodar til virtuelle arrangement under koronaen? Kanskje søk i katalogen ikkje er medrekna? Med den høge graden av sjølvbetening av utlån og innlevering, kan neppe slik automatbruk vere rekna med.
Biblioteksbladet spekulerer ikkje i kvifor det er så lågt, trass i eit år med fysisk stengde bibliotek (undersøkinga blei gjennomført mellom 22. mars og 11. april 2021), og ingen har kommentert saka enno.
Kanskje er det først og fremst ei spegling av at tilbodet om e-bøker og digitale lydbøker er så lite. I så fall er det grunn til å tru at prosenten her i landet vil vere endå lågare, jamfør saka vår om at norske bibliotek bruker berre omlag halvparten så mykje pengar på e-innhald som i SE og DK.
Sjå detaljane frå den svenske undersøkinga:
Fakta Bibliotekens e-tjänster
- Används av totalt 18 procent
- 21 procent kvinnor
- 15 procent män
- 40 procent studenter
- 27 procent personer som är födda på 00-talet
- 25 procent 90-talister
- 23 procent 70- och 80-talister
- 11 procent 60-talister
- 12 procent 50-talister
- 13 procent 40-talister
- 9 procent 20-och 30-talister
- Signifikant färre bland personer som bor på landsbygden och personer som endast har grundskoleutbildning.
Leave a Reply