Breie og smale vegar til NRK

Dette har no vore ei sak i heile 53 aviser (ifølgje Atekst): «NRK-program kan forsvinne frå nett på grunn av usemje om betaling». … Usemje om betaling til frilansarar kan føre til at store delar av NRK-arkivet går i svart frå nyttår, åtvarar 31 kulturorganisasjonar i eit opprop».

Og Forfatterforeningen skriv at «I tillegg til å utelukke gjensyn med folkekjære favoritter, svekker det arkivets verdi som kilde for journalister, medievitere og forskere». 

Men denne tenesta er ikkje designa for desse, men for mimring og underhaldning på fritida. Noko anna er Nasjonalbibliotekets kringkastingsarkiv. Til dømes i radioarkivet ligg det meste teknisk til rette for at journalistar og forskarar kunne hatt eit mykje betre verktøy. Her er det profesjonelle søkjeverktøy, men også her er problemet avtalar. Noko er fritt tilgjengeleg (som til dømes denne reportasjen frå 1948 om …

bokbilen i Øst- og Vestfold), men heile 94 prosent av radioinnhaldet får du i dag på skjerm berre i NB sine lokale. Her kan du ikkje, som for trykt innhald, be om eit 8 timars passord på det lokale biblioteket for tilgang til det «lukka».

Dette er fritt tilgjengeleg for alle. Klikk og kikk

Når det gjeld tv-program, er «løysinga» å låne fysiske opptak, og berre til bruk i «lytte-/påsynsrom» på offentlege bibliotek. Og ei grense går ved «inntil 5 program/innslag pr. bruker pr. kalenderår. Utover dette tas det betalt etter prisliste, ca. 100 kr pr. kutt». Med FEIDE gjeld ikkje denne grensa, men frilansarar som t.d. underteikna, som blant anna jobbar med lokal- og bibliotekhistorie, blir det svært vanskeleg.

Denne bruken er sjølvsagt ikkje omfattande, og det burde ikkje koste mykje å «sleppe laus» dette i større grad. Bibliotekmiljøet bør ta initiativ her.

Men trass i manglane bør folkebiblioteka marknadsføre seg meir aktivt mot forskarar, studentar og andre med fagleg forankra behov.

Leave a Reply