«Woke» i bibliotekleiinga

Stockholmsidyll. Frå Ivar Lo-Johanssons park

På Nrk.no i dag: «En lærer på tåhev»: Ein lærar på ein austkantskole i Oslo skriv at ho «blir beskyldt for skjult rasisme når jeg snakker om lysere tider eller hvite løgner». Og vi hugser saka frå Kunsthøgskolen i Oslo. Dette var utdanningsvesenet, men kva med biblioteket?

Jo, vi hadde debatten rundt «Harry Potter-saka» og LHBT. Og vi har hatt konfliktar rundt SIAN eller ikkje i biblioteklokale. Men i går hadde Svenska Dagbladet (SvD) ei stor sak som viser at ved Stockholms stadsbibliotek har «ytringsangsten» festa seg heilt til topps i leiinga. Etter partipolitisk press. Så kva skjer når biblioteket på denne måten (endeleg!) kan bli sentralt i valkampane?

Saka i SvD er bak betalingsmuren, men finst på Pressreader. Truleg fortel ho så mykje om Noreg om få år, at også bibliotekmiljøet vårt bør lese og følgje med på denne debatten. Som nok også vil kome på Biblist over helga, etter at Jan Szczepanski la ut nokre «highlights» der.

Det er ei lang historie, men veldig kort fortalt handlar det om at ein som arbeider med heimesida til biblioteket ikkje fekk skrive om eit debattmøte der nokre skal ha blitt sterkt krenka. Og om at ord som «hijab, polis och muslim» blei sensurerte vekk i ein tekst om eit leselystprosjekt i ein drabantby. Han oppsummerer at leiinga har kome under politisk press:

« … den identitetspolitiska aktivismen [skapar] mediala stormar som gör känsliga politiker så oroliga att de överger armlängds avstånd och går in och pillar där de inte ska».

Og den ansvarlege for debattmøtet blei omplassert utan nokon spesiell grunn og har ikkje fått jobbar ho har søkt. Ved ein annan filial måtte dei endre opningtidene på grunn av ein ungdomsgjeng som herja i bydelen, men i informasjonen til publikum måtte dei finne på ein annan grunn.

Journalisten intervjuar sjølvsagt også biblioteksjefen, som vedgår at «frågan om bibliotekets demokratiska uppdrag är känslig och att det internt finns olika syn på hur uppdraget ska hanteras». Også bokval og kassering kan vere kjensleladd, men «när de skapar evenemang är det relativt oprövad mark. Vilka gäster ska bjudas in? Och vilka inte». Høyrt det før?

I Stockholm er det no konflikt mellom ein kommunal handlingsplan mot valdeleg ekstremisme og biblioteklova sitt pålegg om å «bidra till kunskapsförmedling och fri åsiktsbildning». Ein jurist er klar på at lova alltid står over «lokala policydokument». Likevel ser altså ikkje dét ut til å hjelpe.

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: