Paradigmatisk for boklesinga!

Alle med litt kontakt med barn og unge veit at medievanane har endra seg radikalt dei siste åra. Men det kom likevel brått på denne veka då fleire truverdige folk på ulike boklege fagfelt har vore i media med uvanleg nedslåande spådomar om boklesingas framtid. Men ein bibliotekar har tatt til motmæle. Delvis. Han er i alle fall ikkje fullt så pessimistisk.

For tre år sidan siterte vi ei norsk undersøking om lesing av skjønnlitteratur og om kva folk føretrekker av papir eller digitalt. 70 prosent i aldersgruppa 15–19 år svarte papir, mot 8 prosent lydbok. Men noko må ha skjedd sidan då. For søndag sa forfattaren Anne B. Ragde til Dagbladet at ho har «gitt opp ungdomen». Ho ser ingen vits i å skrive meir for dei. Måndag melde leseforskar Tove Stjern Frønes i Vårt Land at «lesevanene stuper». Og i dag seier Barnebokinstituttet sin eigen fagleiar, Øystein Espe Bae, til Klassekampen at «tida er moden for å gå bort fra papirboka som et «verneverdig konsept»».

Klassekampen byggjer på ein artikkel av Bae i Periskop 14. februar. Her tar han p-ordet i bruk, noko underteikna har venta på, men ikkje sjølv har våga å bruke: «Ein ser ikkje alltid eit paradigmeskifte når ein står midt oppe i det». Han innleiar slik:

«Lat oss berre punktere den slappe ballongen før den blir ei livsløgn: Nesten ingen barn og unge opplever lenger papirboka som eit interessant eller estetisk givande medium. Truleg kjem denne utviklinga til å forsterke seg. Om nokre år er det kanskje berre pliktlesinga igjen. Så korleis skal vi få barn og unge til å lese? Medan vi ventar på at alle gode krefter søker svaret, kan det tenkast at spørsmålet blir stadig meir irrelevant?Kvifor skal vi halde fram med å produsere og formidle så mange fantastiske historier akkurat for papirformatet, viss barn og unge viser mindre og mindre interesse?».

Men i same organ har Thomas Brevik, kjend ex-bokbåtbibliotekar, no barne- og ungdomsbibliotekar ved Strilabiblioteket i Alver kommune, vore frampå med eit tilsvar: «Bibliotekaren svarer: Noen tanker om livet etter boka». Han seier blant anna:

«Allerede i dag er ungdomsavdelingen i bibioteket mitt fullt av ungdom som IKKE leser papirbøker. Men det er hissig tekstbruk der de ligger på gulvet, i fatboyer og drapert over stoler og bord. Det viktigste for meg som bibliotekar er at historier blir utvekslet, formidlet og diskutert i, for meg, forrvirrende mange kanaler og former. Jobben min er stadig oftere å peke på veier videre for de interesserte». 

Ein grånande bibliotekbloggar må likevel spørje seg: Kva med dei mindre interesserte? Blir det endå tydelegare A- og B-lag no, der du må kome frå ein «lesande familie» for å få drahjelpa for å bli boklesar? Slik som før det blei vanleg med anstendige tilbod til barn og unge i folkebiblioteka, ikkje berre i skolebiblioteka (der det ofte var svært dårleg)?

Og kva med overgangen til vidaregåande? Og til høgare utdanning? Hugs blant anna undersøkinga som viser at «Foreldrenes utdanningsnivå betyr fremdeles mye for gjennomføring».

One Trackback to “Paradigmatisk for boklesinga!”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: