Noko å fortelje barnebarna om
Bladet American Libraries har ei sak om korleis det er for bibliotektilsette i USA å organisere seg. Dette er blitt ein aukande trend, for det er jo dyrtid, og pandemien har ofte gjort arbeidstilhøva dårlegare. Men i USA er det slik, også i det offentlege, at om ein vil opprette ein lokal klubb, må dei spørje arbeidsgjevaren, til dømes ei universitetsleiing, om lov. Éin stad måtte 130 tilsette gå i demonstrasjonstog for å understreke alvoret. Og dei må gjennomføre avrøystingar og vise at eit fleirtal går inn for organisering. Ein fersk fagorganisert ved eit universitet seier at hos dei var dei trass alt heldige, for andre stader, og ofte i folkebibliotek, går arbeidsgjevarane aktivt imot organisering. Éin set ord på kor glad ho er for at det gjekk i orden: «Dette er noko å fortelje barnebarna om!».
Under armen
John Le Carré sin aller siste spionroman, Agent Running in the Field, eller En fri agent i norsk omsetting, blei ein svært god éin. Her får vi i tillegg eit døme på kor viktig det er med bibliotek! Hovudpersonen skal utføre det gode, gamle klandestine kontaktsignalet å bere ei bestemt avis …
… bretta under armen, spesifisert under høgre eller venstre. Ikkje dagens avis, for det gjer altfor mange andre. Vel, ved dette høvet er det ikkje ei avis, men magasinet Spectator frå førre veke. Men kva når alle uselde eksemplar alt er returnerte til bladsentralen? Då stel du sjølvsagt eitt frå det nærmaste biblioteket! PS: Men kva når det snart er slutt på papirblekker?! Heldigvis fekk ikkje Le Carré oppleve dette.
Lesing i skranken, no!
Nettstaden Book Riot opnar ei sak slik: «If librarians got a dollar for every time they were told how nice it must be to read all day, they might make enough to support their book buying habits». Men dei les jo ikkje heile dagen; praktisk talt ikkje i arbeidstida i det heile. Artikkelen viser seg å vere eit varmt forsvar for å lese på jobb, også i utlånet eller informasjonen. Lese bøker, også skjønnlitteratur, ikkje berre på skjerm. For det siste er meir akseptert, men er vanlegvis ikkje det vi tenkjer på her. Argumenta som blir lista opp, er jo kjende, men blir ikkje så ofte annonserte offentleg, som her.
Frå Birken til Bildøen
Overskrifta er ei fornorsking av poenget i eit dansk oppslag i Perspektiv, bladet til Forbundet kultur og information, tidlegare Bibliotekarforbundet. På dansk heiter det: «Ironman og maratonløb udgør ikke længere de primære aktiviteter, som topledere begiver sig af med. I stedet er det nu den mere langsomme læsning af skønlitteratur, der prioriteres».
Det handlar altså om eit trendskifte i strevet for å bli ein betre toppleiar. Det minnar oss om at vi for nitten år siden for Bok og bibliotek intervjua ein svensk jussprofessor med liknande ideer, men som konkret integrerte lesing av klassikarar og skjønnlitteratur i undervisninga – og det ved ein handelshøgskole! Leif Alsheimer (1953 – 2010) praktiserte dette både ved Handelshögskolan i Jönköping og ved eit college i USA. Litteraturlista til studieopplegget hans er framleis på nett (tar litt tid å opne).
Leave a Reply