Kultur og bibliotek: Isolere og ekskludere russarane?

Illustrasjon: IUSY + Picasso

Kulturrådet innbyr til frukost-nettmøte i morgon, 15. mars kl. 8.30 – 9.40: Krigen i Ukraina: Hva kan kulturlivet gjøre? Og ein av dei fem kulturbransjetoppane i panelet er Deichmansjef Knut Skansen.

Mange, over heile verda, har no fått med seg at her på bloggen har særleg Mikael Böök vore aktiv med fleire artiklar om krigen i Ukraina og tilhøvet til bibliotekfeltet. Per 14. mars ved lunsjtid har vi hatt 2052 nedlastingar av desse p.t. 11 artiklane. Fleire er no både på svensk eller norsk og på engelsk.

Eit poeng som ikkje så mange andre har fått med seg, er dei sprikande haldningane i vestlege bibliotekkrinsar til russiske bibliotekorgan. På ei postliste i IFLA går debatten høg om …

… dei bør ekskluderast eller ikkje. Peter Lor, som nokre vil kjenne som generalsekretæren i IFLA då årskongressen deira var i Oslo i 2005, er klar på at «Sanctioning Russian colleagues would take us down a slippery slope. …We believe that the free flow of information and knowledge promotes understanding, tolerance, and, ultimately, peace. Maybe that’s naive and foolish, but that’s worth holding onto. It motivates my own long-term commitment to international librarianship. Peace!» Mens andre argumenterer sterkt for utelukking.

Böök konkluderte i går likevel med at The sympathetic world spirit of librarians is still alive.

2 Trackbacks to “Kultur og bibliotek: Isolere og ekskludere russarane?”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: