Bodø sett frå London

Kva får denne bloggaren ikkje tips om?! Vi kunne hatt mange fleire innlegg, men må gjere eit utval. I dag fell valet på ei sak i engelske The Guardian: «Bodø/Glimt, the Norwegian minnows catching Europe’s elite cold» (minnows = «småfisk»). Det handlar altså om fotball, men også om kulturskilnader i Europa og internt i Noreg.

Biblioteket Stormen i Bodø er sentralt, aller først i teksten. Der får vi nemleg historia om det store svart-kvite fotoet i trappa til andre høgda på biblioteket. Historia om korleis kommagane til menneska på fotoet er klussa over eller skrapa vekk, truleg for over hundre år sidan av …

… dei opphavelege eigarane. Eit uttrykk for korleis den samiske kulturen var undertrykt og sett ned på av storsamfunnet, derfor også av samane sjølve i lange periodar.

Det er usikkert om utanlandske lesarar får med seg heile poenget i The Guardian, men det er presist skildra på biblioteket si side om kunsten på bibliotekveggane. Her står det blant anna:

«Etter andre verdenskrig kulminerte fornorskningen av samene. Dette førte til at samiske markører, som bekledning, språk og andre symboler, i tiltagende grad ble fjernet, og samisk kultur forsøkt slettet fra både det individuelle og det kollektive minnet».

Den britiske journalisten får likevel godt fram kva slags storverk det har vore for fotballaget i den polare småbyen å nå til topps både nasjonalt og internasjonalt (dette er publisert to timar før Glimt speler den avgjerande kampen i Roma).

Men versjonen hans av kvifor ein tannbørste er blitt Glimt-fansens symbol, finn vi ingen andre stader. Sanninga er nok litt mindre dramatisk, men god nok. Og at finske Tampere skal vere den nærmaste storbyen til Bodø, kan vel få ein del trondhjemmarar til å reagere.

Leave a Reply