
På postlista Biblioteknorge går det no ein viktig debatt (p.t. 25 innlegg) om ei utstilling med karikaturteikningar av May-Linn Clement (avisteiknar i Dag og Tid), der ho framstiller Putin i ulike samanhengar (ho er også finalist til Årets avistegning, som kårast 4. mai). Men biblioteket som no har denne utstillinga (det er vel som vanleg fleire på venteliste?) har fått ein krass e-post frå ein person som oppfattar utstillinga som sterkt krenkande. Og som trugar med å klage til kommuneleiinga, trass i at biblioteksjefen har ansvaret aleine. Debatten på lista går i ulike interessante retningar og bør inngå i ein overordna debatt i ikkje for fjern framtid om biblioteket som debattarrangør, no også utstillingskurator.
PS om lista Biblioteknorge 1 og 2: Nasjonalbiblioteket, kjend for å ta vare på alt mulig som kan digitaliserast, presterte for to år sidan å ikkje berre leggje ned, men også gjere arkivet utilgjengeleg til den, iblant, NB-kritiske e-postlista Biblioteknorge. Denne hadde fungert i rundt tjue år med tre tusen deltakarar (NB skulda på gamal teknologi. Dei erstatta lista med eit forum, som ikkje har hatt imponerande høg bruk, men der dei no i alle fall har «tanker for videreutvikling»).
Men mange vil vite at ei ny liste med same namn blei oppretta av nokre individ «på bibliotekgølvet». Og her er det altså aktivitet. Lista er, som den førre, ope for både fagfolket og alle bibliotekinteresserte, medrekna journalistar og politikarar (som det finst mange prov på at er med). Påmelding her. For spørsmål: thomas @ kunnskapsallmenning.no.