Falske fakta er god butikk (Neil Young vs. Spotify)

Frå Britt Karin Larsen si debutsamling «5mg blues og andre dikt», 1978

Vi visste jo at Facebook, Youtube og liknande tener stort på at folk klikkar på dei mest spanande, dramatiske og, som det ofte viser seg, falske bodskapa. FB har delvis retta seg etter kritikk, men slikt genererer framleis reklamemillionar til nettstaden. Dette er altså indirekte profittering på innhald frå små og store som legg ut innhald på eige initiativ. Men no går det fram at strøymetenesta Spotify, mest kjend for musikk, tener gode pengar på medvite å innby og spreie podcastar som inneheld konspirasjonsteoriar og falske fakta. Og dei vil ikkje gje seg, i alle fall ikke etter at «berre» Neil Young og Joni Mitchell krev fjerning av låtene sine frå tenesta.

>> 30.1.: Nils Lofgren sluttar seg til. Og Bare Egil, på sin måte.

Khrono.no har i dag ei sak om at 270 medisinske forskarar, legar og sjukepleiarar har signert eit opprop der dei «meiner Spotify er blitt ein av verdas største formidlarar av falsk og skadeleg informasjon».

Les også kva professor i medieinnovasjon ved Universitetet i Oslo, Petter Bae Brandtzæg, som vi kjenner frå ei mengd bibliotekkonferansar, seier om det aukande presset frå slike medium: «Når du først dukkar ned i dette, blir du svimmel. … Det blir meir og meir komplisert å orientere seg i dette landskapet fordi det kontinuerleg blir produsert enorme mengder innhald. Ingen var i nærleiken av å sjå dette komme 15 år tilbake i tid. Det var ei anna verd». 

Sjå dei i alt 39 innlegga med taggen «Falske nyheiter» her på bloggen.

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: