Balansen i opphavsretten i fare

Vi blogga om dette i juli: Alvorleg åtak på digital bibliotekverksemd. No kan ein følgje med på bloggen til Kathleen McCook for å bli orientert om utviklinga. I natt (norsk tid) skreiv ho om at rettsprosessen er i gang mellom Internet Archive og fire av dei største forleggjarane i USA.

Kort fortalt: IA har skanna bøker og «låner» dei ut digitalt etter «eksemplarmodellen», éitt «eksemplar» per lånar til kvar tid (på same måte som papirbøker – og som dei kommersielle lyd- og e-bøkene i norske folkebibliotek). Dette starta dei med under koronaen som eit naudtiltak då dei fleste biblioteka var stengde. Men om forlaga vinn saka, tenesta blir stengd og Internet Archive blir dømd til store erstatningar, betyr det ikkje at den gjeldande US-amerikanske opphavsretten er sikra, men at grensene er flytta. Electronic Frontier Foundation (EFF), tilsvarande vårt EFN, skriv: «The publishers are not seeking protection from harm to their existing rights. They are seeking a new right foreign to American copyright law: the right to control how libraries may lend the books they own».

Dette kan få dramatiske følgjer. I den noverande overgangsperioden mellom papir og digitalt kan ein slik dom vere eit startsignal for å …

… verkeleg rokke balansen mellom på den eine sida bibliotekbrukarane og heile samfunnet sitt behov for delinga av kunnskap, og på den andre sida produsentane og forfattarane sine rettar. Denne naudsynte balansen er hovudelement i alle nasjonale åndsverklover. Sjå blant anna den norske ÅVL §1, b.

Ei anna sak vi forsøker å følgje med på er forsøka til delar av den akademiske forlagsbransjen og enkelte land på å stoppe protest-tiltaket Sci-Hub (p.t. på ein hemmeleg svensk sørvar), hovudsakleg retta mot den heilt urimelege prispolitikken til Elsevier, Wiley osv. Mikael Böök gjorde i januar i fjor eit langt intervju med initativtakar Alexandra Elbakyan for bloggen.

PS: Vi såg etter kva Nasjonalbiblioteket seier om slikt. Dei har ein lang artikkel på nett: Opphavsrett og bruk av materiale i bibliotekene, men dette er ei strengt juridisk opplisting av kva som er lov og ikkje lov og inneheld ingen ting om bakgrunnen eller det samfunnsmessige. Derimot har dei heldigvis framleis ei lenke til publikasjonen «På rett hylle med åndsverkloven», utgitt av forgjengaren ABM-utvikling i 2008. Her er det ein god gjennomgang av samfunnsnytta av bibliotekutlån på side 18 ff.

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: