Kudos! – ny og viktig, men selektiv

Berre statleg innhald i Kudos

Måndag 10. oktober er det lansering på Nasjonalbiblioteket av Kudos – «nettstedet som samler 17 000 kunnskapsdokumenter i offentlig sektor på ett sted» (18 502 står det på nettstaden i dag, 8.10., så her går det unna). Vidare: «Nettstedet skal gjøre det lettere for deg og andre å få tilgang til offentlig kunnskapsgrunnlag fra departementer og statlige virksomheter som blant annet evalueringer, utredninger, strategier og årsrapporter. Målet er at det skal legge til rette for bedre beslutninger og bedre styring, organisering og ledelse».

Namnevalet kan tyde på ei svært sjølvnøgd statsmakt. Så nøgd at ein kan mistenkje litt sjølvironi hos hen som fann på namnet. For det er nemleg ikkje, som ein kan få inntrykk av, ALT på éin stad. Kudos gir berre dei statlege svara. Og utan lokale kjelder og utan mot-informasjon og debatt får ein ikkje heile biletet. Men her kan eventuelt folkebiblioteket bidra.

Lat oss ta eit døme. Her ein statleg initiert konflikt som bloggaren kjenner godt til:

Kvikkleireskandalen i Moss. Det starta i 2019 med ei BaneNor-iverksett riving av ein bydel med 120 gamle trehus, så graving av ei 600 x 80 meters grøft til ny jernbanestasjon. Og opptil 35 meter djup. Men så stoppa det opp i 16 månader etter oppdaginga av kvikkleire i store mengder. Men som dei burde ha tatt omsyn til tidlegare.

Men det blei ikkje pause i produksjonen av offentlege dokument. Eit søk i Kudos på «Jernbane + Moss» gir 197 dokument i fulltekst.

Om du les desse blir du klokare, men men ikkje fullt orientert, for du finn ikkje dokumenta frå kommunen, lokalpartia (i Moss er det full splid i bystyret om fullføringa) og ikkje minst manglar dokument frå grasrotorganisasjonen «Bedre Byutvikling Moss» (BBM). Til dømes publiserte fagnettstaden Geo365.no i førre veke eit langt brev frå BBM til Finansdepartementet: «Høyst uansvarlig å gå videre med jernbaneprosjekt».

Vi nærmar oss poenget når det gjeld bibliotekas mulege bidrag:

Før stat og kommunar kom på nett for 20-25 år sidan, hadde alle folkebibliotek i landet ei avdeling eller i alle fall ein utstillingsreol med tydeleg skilt: «Offentleg informasjon». Men berre med dokument frå det offentlege, sjølv om også andre utgav rapportar og skriv om lokale saker. Noko som ofte mangla fullstendig var mot-informasjon og kritikk, slikt som må til for å skape god demokratisk debatt og auke sjansen for gode løysingar. Og lokalaviser er ikkje alltid pålitelege når det gjeld kritikk av styresmakter.

Denne einsidig offentlege informasjonen frå bibliotekas side skreiv underteikna ei heil bok om: «”-Videst mulig informasjon-” : ei debattbok om folkebiblioteka og samfunnsinformasjonen i et e-Norge». Og lanserte «samfunnsinformasjon» som eit betre og breiare omgrep og modell for utfyllande samlingsutvikling og kunnskapsformidling.

Ein typisk reol med offentleg informasjon i folkebibliotek rundt år 2000. Skilta over seier «Kommunen informerer» og «Staten informerer». Ikkje plass til noko anna.

No får vi Kudos med offentlege dokument på nett, men kva med det andre? Sjølvsagt burde Kudos inkludere mot-informasjon også, men i dag ser vi inga opning for dette.

Det er her det lokale biblioteket kjem inn. Ein modell for tematisk lenkesamling blei utvikla i prosjektet Nye kommuner – nye bibliotek. I dette dømet (Moss og kvikkleira) blir det enklare å lage lenkesamling når både BBM, BaneNor og kommunen har sine eigne, tilsynelatande gode oversikter.

Slike saker finst i alle kommunar, men ikkje alltid så dramatiske, får vi håpe. Biblioteket bør stille opp, ikkje berre Nasjonalbiblioteket med det statlege, men folkebiblioteket med blant anna mot-informasjonen. Med lenkesamlingar. Og med debattmøte, om ingen andre tar initiativ.

Og kvifor ikkje innby lokale partilag, grasrotorganisasjonar osv. til kurs i bruk av Kudos og andre kunnskapsverktøy?

Kunnskapsbiblioteket får ein ny sjanse her.

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: