IFLA: G. Leitner – One hell of a guy!

Ill.: Free-Vectors-net

For ei veke sidan var eg trygg på å ha sett ein uslåeleg personleg rekord i ironisk bloggkommentering (og dét seier ikkje lite). Det var etter offentleggjeringa (omsider) av forliket mellom IFLA og den avsette generalsekretæren, der det heiter at «Contrary to rumors, Gerald Leitner has never been found to be liable for any legal or contractual misconduct. No investigation has found any indication of fraud or harassment». Som står i oppsiktsvekkjande kontrast til i mars då berre éitt medlem av hovudstyret motsette seg oppseiinga av mannen. Og etter to interne utgreiingar ifølgje blant anna Biblioteksbladet. Les også Mikael Böök her på bloggen.

Men etter dette viser det seg at IFLA-leiinga utan vidare, ein gong mellom 3. og 8. november, har endra tittelen på forliket (framleis datert 31. oktober) frå “Settlement agreement with Gerald Leitner” til “Amicable settlement agreement between IFLA and Secretary General Gerald Leitner”! (amicable kjem frå latin amīcābilis = vennleg).

Men detaljane får ingen – aldri. Forstår vi representantane for verdas fremste kunnskapsinstitusjon rett.

Takk til @FJupiler, som aldri søv. Og Internet Archive.

One Trackback to “IFLA: G. Leitner – One hell of a guy!”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: