Kven skal trøyste IFLA?

IFLA veit å feire seg sjølv. Her frå verdskonferansen i Oslo i 2005

Måndag skreiv vi om eit komande temanummer om IFLA-krisa frå det svenske Biblioteksbladet. Dette er no ute som pdf, rett nok enno ikkje den engelskspråklege utgåva når vi skriv 24. november og klokka er 15.00.

>> Kl. 15.46: The English version is out.

Frå leiarartikkelen: «Bilden av en dysfunktionell organisation tonar fram, där avlägsnandet av en ledande person knappast kommer att vara tillräckligt. Det krävs förmodligen betydligt mer för att Ifla ska läka».

Underteikna har til no, 24. november kl 14.45, berre lese den åtte siders reportasjen til den kjende journalisten Lisa Bjurwald som redaktør Thord Eriksson sende til Haag for å forsøke å grave i materien. Men bladet er på 50 sider, og det meste handlar om IFLA.

Bjurwald går gjennom bakgrunnen bak oppseiinga og den påfølgjande hundre og ti prosent rehabiliteringa av generalsekretær Leitner, meir eller mindre slik vi kjenner saka her på bloggen, med referensar til Biblioteksbladet og den anonyme «Felicity Jupiler» på twitter og no på eiga nettside.

Journalisten får ingen svar ved hovudkontoret i Haag eller frå folk i sentrale posisjonar. Ho møter opp til ei forhandling i arbeidsretten i Haag, men utan at …

… noko skjer på fem timar, før «några representanter från Ifla [dyker] upp. De skrattar överdrivet högt, som om de medverkar i en osynlig teaterföreställning. Ett udda beteende inför vad som borde vara en obekväm förhandling med en uppsagd chef».

Det må ha vore då dei i staden blei samde om eit forlik. Om det ikkje blei forlik ville advokaten hans kravt 1,5 millionar Euro i erstatning. Med bakgrunn i at IFLA, ifølgje han, ikkje har «följt holländsk lag, … Det har försatt Ifla i en position där han kan kräva skadestånd. Enligt källor anser den uppsagde general­sekreteraren att Ifla har agerat som en dålig arbetsgivare. Styrelsens treasurer, ungefär ekonomiansvarig eller kassör, har därför rekommenderat att man erbjuder honom ekonomisk kompensation».

Saman med lønn for eit år (1,5 millionar) pluss 70% for det neste året, kunne han ha ruinert organisasjonen (eller kanskje ikkje (merkn. kl. 16.50): «Felicity J» meiner bankkontoen er på 4,5 mill. Euro). Det omtalte forliket må vel handle om ein noko lågare kompensasjon – i tillegg til fullt dementi og rehabilitering.

Bjurwald har måtta intervjue tilsette og tidlegare tilsette, men som, med eitt unntak, ikkje vågar å stå fram med namn. Bladet har eit seks siders intervju med tidlegare representant for dei tilsette, Suzanne Reid. Som meiner «Ifla är … bortom räddning».

Alle norske, og nordiske, IFLA-medlemmar og tillitsvalde, bør lese heile dette nummeret av Biblioteksbladet.

>> Kl. 15.03: No ligg Bjurwald sin artikkel direkte på nett. Og kl. 15.21 den engelskspråklege versjonen av den same.

PS: Dette er dessverre ikkje første gongen i biblioteksektoren at anonyme intervjuobjekt har vore naudsynte for å få sett ord på dårleg leiarskap.

PS: Biblioteksbladet sitt temanummer blir no også oppfanga i vidare krinsar. Her i eit fransk bok-og-bibliotektidsskrift (Google-omsett til engelsk). Takk til «Felicity Jupiler».

One Comment to “Kven skal trøyste IFLA?”

  1. Jøje meg. Dette var sterk lesnad. Takk til Biblioteksbladet som har tatt tak i dette. Utan dei ville vi knappast fått eit innsyn i det heile. Og takk til deg som deler på bloggen, Anders. I mi tid som NBF-leiar og IFLA-deltakar snakka eg fortruleg med eit par tre tilsette frå IFLA sitt hovudkvarter i Haag. Og det dei fortalde den gongen var sjokkerande og nytt for meg. Men det tok likevel lang tid før dette kom ut.

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: