Ikkje berre sjeleleg, men også kroppsleg er biblioteka blitt viktige denne hausten. Særleg på dei britiske øyene har energiprisane kombinert med haust- og vinterkulda auka behovet for varmestover for folk, og biblioteka har mange stader peika seg ut til dette. Så frå å ha vore eit dilemma for den seriøse kultur- og kunnskapsinstitusjonen har dette blitt «eit bein å stå på», om ikkje redninga, for mange nedleggings- og nedskjeringstruga bibliotek.
Også rikspressa der borte har skrive om dette, no sist The Guardian i sjølve leiarartikkelen søndag: «The cost of living crisis has cast new light on their role as places not only to read and learn, but to keep warm. They cannot be allowed to dwindle».
Det var behov for dette også før i tida, men praksisen varierte nok. Ifølgje det bibliotekhistoriske verket «The Library», som vi omtalte i august, spurde seg presidenten for ALA, den US-amerikanske bibliotekforeininga, i 1894 om dei som kom til biblioteket for å lese aviser nokon gong las noko anna: «Are they not, for the most part, a vagrant and mal-odourous class, whose presence in the reading room repels many who would receive more benefit from it?».
Heilt enkelt var det heller ikkje for seksti år sidan i Oslo; også då var kroppslukt eit tema. Bok og bibliotek nr. 4, 1962 siterer sjefsbibliotekar Henrik Hjartøy i Deichmans årsberetning 1961:
«Det bør snarest komme en varmestue i dette strøket slik at biblioteket kan bli noe avlastet for slike besøk, … Det har hendt at en av garderobedamene er blitt spurt om «veien til bibliotekets varmestue». Men, føyer Hjartøy til, man bør ikke vise noen bort hvis det ikke lukter ille av dem eller hvis de ikke snorker høylydt».
Vidare heiter det: «Grunerløkka filial har sin lesesal sterkt preget av herbergsgjester. Ved mindre forandring av denne filialens innredning kan slike ulemper forminskes sterkt, men hittil har det ikke vært gehør for en slik tanke».
Henrik Hjartøy var sosialdemokrat, etter ei ungdomstid som kommunist, og han etablerte «Det røde bibliotek» på Rjukan før han overtok på Deichman. Andre biblioteksjefar var kanskje ikkje såpass liberale ein gong.
Apropos avislesing: Nettstaden Journalisten skreiv nyleg at «Flere oppgir at de ikke har råd til å abonnere på en avis. Ifølge undersøkelsen svarer 68 prosent at de har tilgang til et avisabonnement. I fjor var tallet 69 prosent, mens det i 2017, da målingene startet, var 63 prosent». Ein kampanje om avistilbodet kan gje fleire bibliotekbrukarar.
Leave a Reply