Her om dagen snubla vi over ei NB-teneste som har eksistert sidan 2010, men som underteikna ikkje har ant noko om, nemleg Sceneweb. Dette er «et nasjonalt historisk arkiv for norsk profesjonell scenekunst. … Scenewebarkivet eies av Danse- og teatersentrum. Arbeidet med innsamling, registrering, digitalisering, tilgjengeliggjøring og bevaring av arkivmateriale gjennomføres i samarbeid med Nasjonalbiblioteket».
Vi testa det på ein operasangar vi kjenner og fekk opp ei ganske korrekt liste på 77 produksjonar han var med i, og med info om roller han hadde i kvar enkelt, tid og stad og nokre gongar publikumstal. Og no og då lenke til digitaliserte program. Visste sangaren om denne kjelda? Nei. Heller ikkje ein skodespelar i venekrinsen. Han fann vi 34 produksjonar på og i tillegg fekk vi vite når han «berre» var lysmeister. Fantastisk, eigentleg.
Andre hemmelege?
Jo, vi har Norsk bibliotekhistorie. Denne blei vel etablert i samband med Norsk Bibliotekforening sitt hundreårsjubileum i 2013, men vedlikehaldet kan ikkje ha vore særleg prioritert, for nokre av lenkene på startsida melder at «Siden du ser etter finnes ikke». Og bruk av søkefeltet fører deg berre til startsida på søk i heile nb.no. På NB sitt Flickr-område finn du fleire samlingar av gamle og nyare fotografi av bibliotek og relevante personar.
I periodar har vi hatt nytte av tenesta Statsmaktene, ein inngang til statlege dokument i nb.no. Denne er blitt modernisert og er i dag søk i fem kategoriar, «Domstolsdokumenter, Norges offentlige utredninger (NOU), Register» osv. Funksjonaliteten og dekkingsgraden skal vi teste ut etter kvart.
Og apropos Stortinget, så har dei Stortingskorpuset, saman med fleire andre korpus i Språkbanken. Kanskje ikkje førstevalet for dei fleste av oss, men viktig nok.
Og så har du denne tematiske inndelinga. Men kom gjerne med fleire slike funn i kommentarfeltet.
PS dagen etter: I dag dukka faktisk alle desse «hemmelege» inngangane opp på startsida til nb.no: Dykk ned i Nettbiblioteket: Flyfoto fra hele Norge / Reklamefilmer fra 50-tallet / Hvem skrev Camilla Collett brev til? / Åpningen av Ekofisk-feltet / Roald Amundsen på Sydpolen / Norges første kvinnelige statsminister /Kong Haakon VIIs tale fra London 8. mai 1945 / Ta fram strikketøyet
