Deichman nest dårlegast på utlån

«Deichman med knalltall for utlån i 2022 … Deichmanbibliotekene lånte ut over 1,2 millioner bøker i fjor». Dette er overskrifta og litt frå ingressen til ei sak i Dagsavisen i går. Og vidare framgår det at «Det innebærer en økning på om lag 100.000 utlån sammenlignet med normalåret 2019». For 2020 og -21 var jo spesielle med mykje pandemistengt.

No føreligg enno ikkje statistikken for andre kommunar eller for heile landet for 2022, men om vi ser på statistikken for 2019, som Deichman rett nok har trumfa no, så låg Oslo på nest siste plass blant norske fylke. Og med 2,25 førstegongs utlån per innbyggjar, mot 2,8 på landsbasis. Høgast var no samanslåtte Sogn og Fjordane med 3,4.

Det skjer mykje veldig positivt ved Deichman for tida, men Oslo har lang tradisjon på å vere langt frå norsktoppen når det gjeld utlån, så der har dei noko å jobbe med.

I den omtrent like store byen Helsingfors var utlånet 9,4 millioner i 2019, rett nok ikkje berre fysiske bøker.

Men så litt meir bibliotekstatistisk sløvsinn, denne gongen frå sjølvaste NTB, sjølvaste SSB og Bok365.no:

På sistnemnde bokbransjenettstad var det i desember ei sak om at det «ble lånt ut 11,2 millioner bøker fra folkebibliotekene i 2021, noe som er en økning på 15 prosent fra 2020». Dei siterer ei NTB-melding som byggjer på ein rapport frå SSB.

Men kor interessant er dét?! Desse to korona-åra var jo svært lite samanliknbare med tanke på både omfanget av nedstengingar og alternative e-tiltak.

I tillegg skriv Bok365 at det var «34 500 opplegg i folkebibliotekene i 2021, mot 30 600 opplegg i 2020» (mine kursivar). Kva er dette? I SSB-rapporten (side 5) står det arrangement, ikkje opplegg. Det same gjeld i kjelda deira, Nasjonalbiblioteket sin statistikk. Dei har nok tatt i bruk ChatGPT

Og illustrasjonen til saka hos Bok365 er frå ein typisk bokhandel, ikkje eit bibliotek.

Drep meg, herre, men ikkje med bibliotekstatistikk.

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: