Slår Støre inn opne lesesalsdører?

Stine Merete Raaden, biblioteksjef på Kongsvinger

Før landsmøtet til Arbeidarpartiet var Jonas Gahr Støre ute på blant anna Khrono.no med bodskapen at han «vil flytte lesesalen ut i distriktene : Arbeiderpartiet går inn for lokale utdanningssentre for å fylle hullene i kartet for høyere utdanning».

Han nemnde nokre slike senter som førebilete, blant anna Kongsvinger. Her ringde det faktisk to små bjøller hos bloggaren: Ligg ikkje senteret til Høgskolen i Innlandet på Kongsvinger vegg i vegg med det relativt nye og delikate Kongsvinger bibliotek? Og hadde vi ikkje vore borti ein rapport om samarbeid mellom desse to institusjonane? Var samarbeidet blitt noko av?

Vi tok kontakt med biblioteksjef Stine Merete Raaden. Ho kunne stadfeste begge delar:

– Ja, høgskolesenteret ligg rett ved sidan av biblioteket. Men dei har verken bibliotek eller lesesal, berre studieplassar og gruppebord rundt i bygget. Vi har formalisert samarbeid med dei om innkjøp og utlån av litteratur. Vi er veldig tilgjengelege for studentane, og dei bruker oss mykje. Vi har meirope og vi veit at mange studentar vanlegvis sit utover kveldane.

Vi tenkjer også på denne brukargruppa når vi utviklar tenestene våre. Nyleg etablerte vi ein bokklubb for unge vaksne i samarbeid med ein kafé i byen. Det var med tanke på blant annet å nå studentane.

– Samarbeid med folkebiblioteket i satsinga på desentralisert utdanning er vinn-vinn, tenkjer eg. – Det er mange berøringspunkt, og det er naturleg på mindre stader at folkebiblioteket …

… bidrar til å dekkje bibliotekbehovet. Samtidig må ein vurdere ressursbruken; når bør folkebiblioteket vise til høgskolebiblioteket? Høgskolebiblioteka har også eit litt anna oppdrag og annan kompetanse. Eit formalisert samarbeid som avklarer slike ting er nok viktig.

– Har de noka form for kontakt med andre folkebibliotek som har slikt samarbeid?

– Nei, dessverre. Eg kjenner ikkje til korleis andre gjer det. Men å utvikle eit nettverk kan vere nyttig. Dette hadde vore spennande å prøve ut i prosjekt. Eller ein kunne tenkje seg ei nasjonal rettleiing med punkt ein må vurdere, til dømes kva for område folkebiblioteket kan og bør stå for, kor mykje tid vil det krevje, kompetanse, ressursar?

– Det er likevel i vår interesse å tene studentane i heimkommunen. Som eit kunnskapshus og sørvisinstitusjon ønsker vi å bidra og dekkje behov. I tillegg ser eg her biblioteket si rolle i lokal samfunnsutvikling. Vi tilbyr ei teneste som kan koplast rett på sentrale satsningsområde for kommunen.

– – –

Kongsvinger bibliotek er i utgangspunktet eit kombinasjonsbibliotek med den vidaregåande skolen, som dei deler hus med. Så er dei blitt eit dobbelt kombinasjonsbibliotek. Og det går altså fint, Jonas.

I det vedtatte (men enno ikkje korrekturlese) partiprogrammet til AP for 2021 – 2025 blei teksten:

«Sikre bedre muligheter til å ta høyere utdanning over hele landet, basert på lokale kompetansebehov, gjennom en satsing på lokale utdanningssentre over hele landet med statlig finansiering og som hovedregel er eid av fylkene eller gjennom partnerskap med etablerte studiesentre».

Vi veit altså om ein annan kunnskapsinstitusjon som i rundt to hundre år har eksistert «over hele landet».

– – –

PS: No snakkar «alle» om Rune Slagstad sine ti tesar om den høgare utdanninga, jamfør Dag og Tid denne veka. Her kan vi blant anna lese:

«Med opprøret mot Nord universitets vedtak om å leggje ned Campus Nesna [vår lenke] har Nesna-studentane «satt universitets- og høyskolepolitikk på den storpolitiske dagsordenen», påpeika juryen for Khronos akademikarpris 2020. Nesna-opprøret føyer seg inn i rekkja av distriktsopprør mot den fusjonerande sentraliseringspolitikken på fleire samfunnsfelt. 

I Nesnas tilfelle har kampen for å gjenreise lærarutdanninga fått ekstra kraft ved alliansen med laksemilliardærane i Lovund på helgelandskysten. For Lovund-entreprenørane har skjønt at den lokale skulen speler ei nøkkelrolle om eit lokalsamfunn skal få varig liv. Derfor ivrar dei for å utvikle ein skule retta mot behova i lokalsamfunnet. Det krev ei differensiert lærarutdanning som også er retta mot mindre skular i distrikta». 

Glomma er inga storveges lakseelv, men dei har andre bein dei må stå trygt på der.

2 Trackbacks to “Slår Støre inn opne lesesalsdører?”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: