På tide med sivil boklovulydigheit!

For eit år sidan her på bloggen kunne vi sitere nasjonale kulturtoppar i fleng om kor bra den komande boklova ville bli for biblioteka, til dømes: «Den nye boklova vil styrke biblioteka… », sa statsekretær Odin Adelsten Aunan Bohmann i Kulturdepartementet, og sjefen hans, minister Trettebergstuen, var opptatt av «politiske virkemidler som sørger for et mangfold av litteratur ut på markedet og ikke minst inn i bibliotekene der folk bor».

Men konkrete var dei ikkje. Og slett ikkje om forslaget om leveringsplikt til bibliotek. Så underteikna er ikkje overraska over lovforslaget som kom i dag. Der heiter det blant anna (lei for ein slik kort kortversjon, men det kjem nok meir seinare):

«I lys av innspillene som har kommet inn i høringsrunden, opprettholder departementet ikke forslaget om å omfatte bibliotekene i leveringsplikten i lovforslaget § 7».

Så her har bibliotekorganisasjonane og bibliotekvenar av ymse slag eit høve til å vise krefter.

PS kl. 13.58: Norsk Bibliotekforening er på banen med ein skarp analyse.

Det går nokre år mellom kvar bibliotekdemonstrasjon ved Stortinget. Her frå NBF sin aksjon for å bevare bokbussane på statsbudsjettet i 1989. Det er vel på tide igjen.

One Trackback to “På tide med sivil boklovulydigheit!”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: