Vi snakkar om bibliotek-krim. Men dette er ikkje ein undersjanger av kriminallitteraturen i vanleg forstand (svensk Wikipedia har ein brukbar oversikt over slike). Det handlar heller ikkje om at mord eller andre brotsverk kan finne stad i bibliotek eller om funn av mordoffer i denne typen institusjon eller rom. Heller ikkje om at detektivar kan finne på, i siste kapittel eller episode, å samle alle involverte i eit bibliotek – gjerne i herrskapshus – for å oppsummere og til slutt utpeike den skuldige. Og endeleg er ikkje bibliotek-krim ein ny «miljøsjanger», slik som nordic noir eller «fransk snø-krim»(?!). For ikkje å gløyme «Litteratur som anvender mikroøkonomisk teori».
Det handlar i staden om krimgåter som heilt eller langt på veg blir løyste ved hjelp av bibliotekarar. Men dessverre, ved dei fleste kjende høva, i strid med etablerte bibliotek-etiske reglar. Ofte er det regelrette brot på teieplikta av bibliotekarar som, utan rettsavgjerd, sladrar til politi eller andre om kva enkeltpersonar låner.
Kanskje kan ikkje bibliotek-krim kallast ein eigen sjanger, enno. For til no har berre underteikna drive med kartlegging av fenomenet, og berre seks bøker og éin film er registrerte. I alt ti personar er ansvarlege eller medansvarlege for innhaldet. Men desse er ikkje kven som helst, vi snakkar om Jørgen Brekke, Hans Olav Lahlum, Ian Rankin, Roslund og Hellström, Alexander McCall Smith, Carl Bernstein / Bob Woodward og Andrew Kevin Walker / David Fincher (regissør). Les meir.
Berre éin av dei, Lahlum, har kome med ei forklaring og delvis orsaking.
Takk og pris er bibliotekarane deira oppdikta, berre med éitt unntak, hos Bernstein og Woodward. Og med betre datasystem bør det bli vanskelegare å bryte reglane. Eller?
PS: Hugs OP-5.
Leave a Reply