E-bokmytar i fritt fall

Den europeiske bibliotekorganisasjonen EBLIDA varslar i Newsletter No. 3 at dei snart kjem med «The Handbook on E-Lending Policy in Europe». Dei skriv om denne (vår og DeepL si omsetting og våre uthevingar):

«Forlaga hevdar ofte at e-utlån i biblioteka er skadeleg for utviklinga av ein sunn e-bokhandel. Studia og undersøkinganee som er siterte i bakgrunnsdokumentet til handboka, viser klart det motsette: Ikkje berre er e-utlån og e-bokhandelskanaler atskilte, men utlån og e-utlån i biblioteka er eit formidabelt instrument for å fremje bøker og e-bøker. Overvåkinga av nokre få titlar viste resultat som er ikkje mindre enn oppsiktsvekkjande: Når ein enkelt tittel blir promotert av biblioteka, kan salet av e-bøker auke med 818 % og salet av trykte bøker med 201 %.

Argumentet om at biblioteka kannibaliserer e-bokhandelen – ein annan stereotypi – viser seg å vere kva det er: oppfatningar og frykt utan grunnlag. Talet på e-utlånstransaksjonar, målt mot innbyggjartal, viser at e-utlånet no er dramatisk lavt og må gjere store framsteg til fordel for alle aktørane i verdikjeda for e-bøker. Det er no frå 10 til 100 gongar lågare enn talet for bokutlån og ved nokre høve, som i Frankrike, 400 gongar mindre.

Det er eit skrikande behov for e-utlån i europeiske bibliotek. Statistikk frå Eurostat viser at dei digitalt kompetente – «dei som kan utføre transaksjonar på nettet, betale rekningar eller bruke dei digitale tenestene til den offentlege forvaltinga» og lese e-bøker – berre utgjer under halvparten av den europeiske befolkninga. Om e-utlåna held seg så låge, korleis kan då den generelle graden av digital kompetanse auke?»

Chatbotane er trugsmål mot demokratiet

Ofte ein fordel

Danmarks Radio har intervjua Harvard-professor Shoshana Zuboff, kvinna som introduserte ordet «overvåkings- kapitalisme». Og fenomenet chatbot, til no mest kjend gjennom ChatGPT, meiner ho klart høyrer til under dette omgrepet.

Ho seier blant anna: «… da Microsoft for nylig gav en række journalister adgang til en ny chatrobot i søgemaskinen Bing, så erklærede den kunstige intelligens pludselig sin kærlighed til en journalist fra New York Times, og bad ham insisterende om at gå fra sin kone. – Det er fordi de er blevet trænet ved at samle op, hvad end der nu er ude på internettet, og fordi vi nu har et internet der er fuld af korrupt indhold».

Og: « … hvis chatrobotterne lærer fra os, så bliver de også som os … og det er ikke altid en rar oplevelse at se sig selv i spejlet» …

Ny, redusert normal for bibliotekbruk

Med marssola i ryggen kan framtida sjå lysare ut for telefonkioskutlån enn for bibliotek

Vi blogga 6. mars om at Det s kj ør e Nettbiblioteket er ein realitet, altså om følgjene av dei 20 millionar store kutta i NB-delen av statsbudsjettet. Då var det få detaljar om fjerninga av kvar tredje digitaliserte bok, men no har nettstaden Kontekst.no intervjua assisterande nasjonalbibliotekar Roger Jøsevold om dette, og han «trøyster» oss med at «De bøkene som gjøres utilgjengelig for lesing hjemmefra er de som er minst brukt. Bøkene vil fremdeles komme opp når de gir treff i søket, men for å få lesetilgang må man enten søke om begrenset tilgang til forskning eller dokumentasjon eller oppsøke Nasjonalbiblioteket».

Trur vi regjeringa vil plusse på så det monnar i revidert nasjonalbudsjett i mai? (trygg er slett ikkje Sira Myhre i intervjuet i Forskerforum). Trur vi ei sannsynleg ny Erna-regjering til hausten, med FrP-støtte, vil gjere det?

Jo før, jo heller må folkebiblioteka meir aktivt marknadsføre og hjelpe folk å søke NB om 8 timars «begrenset tilgang til forskning eller dokumentasjon».

For to år sidan laga vi ei konkret, enkel skisse til plakat for nett, skjerm og vegg.

Det s kj ør e Nettbiblioteket er ein realitet

I januar las vi på heimesida til Nasjonalbiblioteket om kutta dei vel å gjennomføre etter det omfattande kuttet i statsbudsjettet på over 20 millionar.

>> Oppdatert 7.mars med sitat frå Morgenbladet, og 8. mars frå Kontekst.no; sjå lenger nede.

Så intervjuar Forskerforum.no nasjonalbibliotekaren 27. februar, og der heiter det i tillegg at «100 000 bøker skal tas ut av ordningen Nettbiblioteket, som gir alle i Norge gratis tilgang til norske bøker som er utgitt før 2000. Dette for å spare inn på utbetalinger til vederlagsorganisasjonen Kopinor».

Alltinget i dag intervjuar dei Forskerforbundets leiar Guro Elisabeth Lind, og når det gjeld NB, er dette kuttet framstilt mest konkret. Og det ER alvorleg. I dag er det 292 000 frie bøker i Nettbiblioteket. Kuttet som no skal gjennomførast, vil redusere tilbodet med ein tredel!

Vi har sagt det fleire gongar tidlegare at Nettbiblioteket, eller tidlegare Bokhylla.no, er ei skjør teneste. Ikkje berre kan forlag og forfattarar når som helst trekkje tilbake titlar, Kopinor kan også krevje reforhandling av avtalen, men her har vi provet på at også regjeringar kan påverke gjennom budsjettkutt. Til no har vi åtvara om slike resultat med FrP i regjering, men her er det altså AP/SP-regjeringa som «går i spissen».

Gjennom fleire år no har norsk bibliotekvesen basert stadig meir av kunnskapsformidlinga på denne tenesta. Fjernlånstilbodet er sterkt pressa som det er, og no kjem dette på toppen. Samtidig som altså Depotbiblioteket i Rana skal redusere innsatsen.

Og: For ein måned sidan rekna vi ut at berre dei eldste 48,2 prosentane i Nettbiblioteket i dag er ope tilgjengelege, mot 62 prosent ved oppstarten i 2006. Over halvparten må ein altså søkje om tilgang til, for forskings- og dokumentasjonsformål.

>> Oppdatert 8.3.: Til Kontekst.no seier Jøsevold ved NB at «De bøkene som gjøres utilgjengelig for lesing hjemmefra er de som er minst brukt. Bøkene vil fremdeles komme opp når de gir treff i søket, men for å få lesetilgang må man enten søke om begrenset tilgang til forskning eller dokumentasjon eller oppsøke Nasjonalbiblioteket. … Ved å ta ut disse titlene regner Nasjonalbiblioteket med å spare rundt syv millioner kroner».

Men som betyr tilsvarande inntektstap for forfattarorganisasjonane. Tru kva dei vil seie?

I eit intervju i Morgenbladet forklarer Sira Myhre kvifor dei har prioritert vekk 1/3 av Nettbiblioteket:

Les mer «Det s kj ør e Nettbiblioteket er ein realitet»

Fleire nye bibliotekbygg?

Fredrikstad bibliotek frå 1926 er for tida sterkt debattert i Østfoldbyen. Her kanskje ei arkitektteikning.

Denne bloggen har ei permanent, men dynamisk, side med tittelen «Nye bibliotekbygg». Der følgjer vi opp nybygging og større ominnreiingar av bibliotek, særleg folkebibliotek og særleg i Noreg. For kvart bibliotek har vi lenker til ny, viktig informasjon i media og på eigne eller kommunale nettstader. Rekkefølja er kronologisk etter når bloggaren fekk greie på planane, med det nyaste øverst. Men når det skjer viktige endringar, f.eks. konkretisering, vedtak o.l., rykker saka til topps. Når bygg/lokale er opna, får dei plass lengst nede.

Bli med på å halde sida aktuell og god. Send ny info og tips til frilanders @ gmail.com.

Twitter og historieskrivinga

Brewster Kahle, gründeren til Internet Archive, skreiv artikkelen «Our Digital History Is at Risk», først i TIME Magazine, så på IA sin blogg. Bakgrunnen er særleg faktumet at (vår omsetting):

«Twitter sitt eigarskifte har avslørt ein underliggjande ustabilitet i det digitale informasjonsøkosystemet. Mange har no sett at når nokon slettar Twitter-kontoen sin, blir profilen vekk, tweetsane og til og med direktemeldingane deira. Ifølgje MIT Technology Review har rundt ein million menneske forlate Twitter så langt, og all denne informasjonen har forlate plattformen saman med dei. … Å miste tilgang til viktig privat informasjon utan tvil urovekkjande, men situasjonen er endå meir urovekkjande når vi tenkjer på den rolla digitale nettverk speler i verda i dag. Regjeringar kjem med offisielle uttalar på nettet. Politikarar driv valkamp på nettet. Forfattarar og kunstnarar finn eit publikum for arbeidet sitt og ein stad å kome til orde. Protestrørsler finn trekkraft og tilhengarar. Og sjølvsagt var Twitter ei viktig publiseringsplattform for ein viss amerikansk president. … Om Twitter skulle svikte fullstendig, kunne all denne informasjonen forsvinne frå nettstaden deira på ein augeblink. Dette er ein viktig del historia vår. Burde vi ikkje prøve å bevare han?»

Det er ikkje overraskande, skriv han, at i 2017 stansa dei Library of Congress sitt føderale program for å ta vare på det heimlege nettinnhaldet …

Kva med Noreg? Nasjonalbiblioteket seier dei driv med nettsanking av «helt syke datamengder», og at dei «Soper opp alt». Men ser vi nærmare etter, haustar dei ikkje «Sosiale medier (Facebook, Instagram, Twitter)»; klikk på «Hva høster vi».

Og frå to år tilbake veit vi jo at dei ser på tjue år fagleg bibliotekdebatt som verdilaus.

Rikspress(e) på «debattbiblioteket»

Frank Rossavik sin kronikk i Aftenposten, knipsa i det definitivt stillaste biblioteket i Oslo, Nasjonalmuseet sitt.

No uroar faktisk rikspressa seg over folkebiblioteket, ikkje minst Aftenposten. I oktober hadde Knut Olav Åmås ein av sine vektige kronikkar: Ro er den nye rocken. Og her om dagen var det Frank Rossavik med tittelen Før skulle bibliotekene være stille. Nå er de pålagt å ta inn bråk. Motseiingsparet ro versus uro i biblioteket er i overført tyding hos begge; det går på tradisjonelt utlån av bøker (som minkar) versus alle dei «nye tenestene» og dermed «debattbiblioteket». Noko mange no meiner er meir utfordrande enn nasjonalbibliotekaren vil ha det til.

Rossavik er mest konstruktiv, der han aktivt støtter seg på det ferske nummeret til Bok og bibliotek (BoB), med fleire artiklar om emnet. Den innleiande saka i BoB-nummeret, Bibliotekenes debattdilemma, handlar om Norsk Bibliotekforening si nylege spørjeundersøking til alle biblioteka i landet. Denne avslører sprikande meiningar og at mange er usikre.

Som er ille nok, men det som ikkje blir poengtert, verken av NBF, i BoB eller av Rossavik, er at under halvparten av biblioteka svarte. Er det sannsynleg at dei som ikkje har svart er blant dei sikre og nøgde?

Ei betre undersøking er den som Elin Golten gjorde i doktoravhandlinga si. Men resultatet er det same; særlig dei små, men også mellomstore og nokre større bibliotek, manglar ressursar, kompetanse og guts til å arrangere debattar, i alle fall ikkje skarpe, gode debattar.

Men det kjem etter kvart idéar om korleis ein kan løyse problemet. BoB-redaktør Hans Olav Hageberg skriv i leiarartikkelen sin:

Les mer «Rikspress(e) på «debattbiblioteket»»