Vi snakkar om bibliotek-krim. Men dette er ikkje ein undersjanger av kriminallitteraturen i vanleg forstand (svensk Wikipedia har ein brukbar oversikt over slike). Det handlar heller ikkje om at mord eller andre brotsverk kan finne stad i bibliotek eller om funn av mordoffer i denne typen institusjon eller rom. Heller ikkje om at detektivar kan finne på, i siste kapittel eller episode, å samle alle involverte i eit bibliotek – gjerne i herrskapshus – for å oppsummere og til slutt utpeike den skuldige. Og endeleg er ikkje bibliotek-krim ein ny «miljøsjanger», slik som nordic noir eller «fransk snø-krim»(?!). For ikkje å gløyme «Litteratur som anvender mikroøkonomisk teori».
Det handlar i staden om krimgåter som heilt eller langt på veg blir løyste ved hjelp av bibliotekarar. Men dessverre, ved dei fleste kjende høva, i strid med etablerte bibliotek-etiske reglar. Ofte er det regelrette brot på teieplikta av bibliotekarar som, utan rettsavgjerd, sladrar til politi eller andre om kva enkeltpersonar låner.
Kanskje kan ikkje bibliotek-krim kallast ein eigen sjanger, enno. For til no har berre underteikna drive med kartlegging av fenomenet, og berre seks bøker og éin film er registrerte. I alt ti personar er ansvarlege eller medansvarlege for innhaldet. Men desse er ikkje kven som helst, vi snakkar om Jørgen Brekke, Hans Olav Lahlum, Ian Rankin, Roslund og Hellström, Alexander McCall Smith, Carl Bernstein / Bob Woodwardog Andrew Kevin Walker / David Fincher (regissør).Les meir.
Berre éin av dei, Lahlum, har kome med ei forklaring og delvis orsaking.
Takk og pris er bibliotekarane deira oppdikta, berre med éitt unntak, hos Bernstein og Woodward. Og med betre datasystem bør det bli vanskelegare å bryte reglane. Eller?
Ein junidag i 2017 rusla bloggaren i Downtown Chicago og kom til å sjekke nettverka rundt seg 🙂
Dette er relativt gamalt nytt, men EU-forslaget Proposal for a Regulation laying down rules to prevent and combat child sexual abuse kjem no nærmare. NRK Beta har ei sak på dette denne veka, der dei blant anna intervjuar Tjerand Silde ved NTNU. Han seier: «Dette forslaget legger opp til en overvåknings- maskin som vi aldri har sett maken til i demokratiske land, og er det nærmeste vi kommer autoritær kontroll over digitalt innhold på samme måte som de gjør i Kina».
Silde og blant anna teknologen Alec Muffett meiner dette «i praksis vil innebære å lokalt skanne informasjon som skal sendes mellom to personer». Til dømes også mellom lånar og bibliotekar.
For to år sidan studerte bloggaren ganske grundig metodane for spionering som no Danmarks Radio har avslørt at USA praktiserer mot europeiske politikarar. For metodane er også brukte i biblioteka sine datasystem for å spore terrorisme og annan alvorleg kriminalitet. Bloggposten om dette handlar om alt frå oppdikta politietterforskarar som lurer bibliotekarar til å sladre om brukarar til styresmaktene i USA si tapping av utlånsdata i stor stil.
Her kan du lese om FBI sitt hemmelege ”Library Awareness Program” på 1970- og 80-talet. Her var målet todelt; å hindre at utlendingar, særleg frå austblokka, skulle få tilgang til ”uklassifisert vitskapeleg litteratur” (!), og å verve bibliotekarar som rapportørar når utlendingar av denne typen brukte biblioteket til slike og endå meir mistenkjelege føremål.
Vi las og refererer også frå boka ”What Every Librarian Should Know about Electronic Privacy” frå 2007. Forfattaren meinte der at slik overvåking av stordata er lite effektivt. Datamining og såkalla mønsterattkjenning av mengder av e-post, sms og telefonsamtalar førte til svært få konkrete mistenkte per år som er kvalifiserte for full avlytting. For, som også den norske PST-sjefen stadfesta i tilfellet Anders Behring Breivik, er kvardagen til terroristar så lik den til alle oss andre, at dei ikkje vil skilje seg ut i dei store datamengdene.
Men etter 2007 har utviklinga av stordata skote fart. Truleg er «marknadsverdien» av bibliotekdata på veg opp.
Prinsippa om offentleg innsyn, open informasjon og debatt er nært knytte til heile ideen om biblioteket. No har vi ein diskusjon om appen Smittestopp som skal overvåke oss, men til fellesskapens beste, heiter det. Og på Nrk.no i dag handlar det om at dei har fått tilgang til dei hemmelege rapportane om konsekvensane av koronaen, men det meste er sladda «av hensyn til rikets sikkerhet».
Bibliotekarar og bibliotekorganisasjonar må framover alliere seg med andre krefter som som «i korona-prosessen har fått auga opp for kor sårbar kunnskapen kan vere framover. Og som ser samanhengen mellom fri tilgang til kunnskap og eit reelt demokrati» (frå «Sju forslag for den nære framtida»).
Ikea, Amazon og Google skal gå saman om eit felles «språk» for smarte hus, kan ein lese blant anna i nyteknik.se. Så skyt vel smarthusutviklinga verkeleg fart, og snart sit desse konserna med data om alt vi gjer i heimen, ikkje «berre» på mobilen og datamaskina.
Men til så lenge vil det vel finnast usmarte telt, og her har Erlend Loe levert ein akseptabel oppskrift i dei tre romanane om Andreas Doppler,
I gårsdagens theguardian kan vi lese om stordatabaserte analyseprogram som ikkje berre kommersielle, men no også det offentlege tar i bruk for å kunne planleggje betre, meiner dei. Blant anna også planleggje kva for nedskjeringar som vil vere minst uakseptable for folk. Kor kjem biblioteket på lista då, etter helse, omsorg og skole?
I fleire medium i USA, blant anna på Common Dreams, kan ein lese om protestane mot at CIA fekk ha ein stand under bibliotekforeininga ALA sin store årskongress som fann stad i Washington DC helga som var. Eit forslag om utestenging fekk likevel ikkje fleirtal, med grunngjevinga at CIA ville bli nekta ytringsfridom…
Intitiativtakar til protesten var Alison Macrina, som alt er ein av dei Barske Bibliotekarane her på bloggen (sjå nr. 3). Ho argumenterte med at “Everything they stand for is a violation of the values of librarianship.” Og med at det finst ein viss tradisjon for rekruttering av bibliotektilsette til hemmeleg overvåking for styresmaktene. Noko vi skreiv om tidlegare i år, sjå avsnittet “Biblioteksporet i røynda”. Då handla det rett nok ikkje om CIA men FBI.
Bibliotekaren og biblioteket er ganske ofte til stades i skjønnlitteraturen. Sjølvsagt har vi sånt som «Liket i biblioteket» av Agatha Christie, men sjeldan finn vi ein bibliotekar i helterolla eller biblioteket som anna enn åstad for meir eller mindre løynd romantikk (og trenden med færre og lågare reolar vil setje ein stoppar også for dette).
Og så har vi bibliotekarmetaforen, tydelegvis veleigna til å kontrastere og dermed framheve helten i historia, men heller ikkje meir (sjølv om Dag Solstad ope innrømmer å ha brukt bibliotekarmetaforen på hovedpersonen i «T. Singer», som verkeleg ikkje kan kallast helt).
Men bibliotek og bibliotekarar kan også inngå i intrigar, ikkje minst i kriminalsjangeren. Men her gjer mange forfattarar det vanskeleg for seg. Utfordringane vi tenkjer på går hus forbi hos forlagskonsulentane, men ikkje hos bibliotekarane, noko dette skal handle om:
ALA, The American Library Association, har siden 1986 delt ut James Madison Award for “å hedre enkeltpersoner eller grupper som har forfekta, beskytta og fremma offentlig tilgang til offentlig informasjon og allmennhetens rett til å vite.”
Bloggen LibraryJuice melder nå at varsleren Edward Snowden er foreslått til prisen for 2013 og skriver at “Det er vanskelig å tenke seg noen som fortjener årets pris som Edward Snowden”, særlig etter at også nå The New York Times på lederplass velger å hedre ham som varsler og ikke forræder, som blant annet den nordamerikanske regjeringa gjør.
Vi skal ikke si det skråsikkert, men Universitetsbiblioteket i Oslo har såvidt vi kan se etablert en av de beste og mest brukervennlige kilde- og medieoversiktene (kopi juli 2020 på Wayback Machine) innen det voksende feltet global overvåking, hovedsaklig rundt tilfellet Edward Snowden og hans avsløringer av PRISM og NSA, med tilliggende herligheter.
Innførslene er plassert i grove kategorier, med blant annet avsløringer, kommentarer på engelsk og norsk, ytringsfrihet, journalistikk osv.
Virkelig ei global “Biblioteket-tar-saka”-side – i rett tid!
På Bibliotekforum.no i dag: Nyheten fra USA denne uka om den nærmest altomfattende lagringa og overvåkinga av elektronisk kommunikasjon overrasker ikke landets bibliotekarer. Lederen av bibliotekforeninga ALA går kraftig ut og oppfordrer til en åpen debatt om spørsmålet – og den bør foregå i biblioteket.