Svenske tålegrenser

Det største bibliotek-dramaet i Sverige for tida er at ein bibliotekfilial i Gøteborg forsøkte å bli lagt merke til med eit litt frekt Instagraminnlegg om gratis kasserte bøker, og der dei avbildar fire bøker av ein av landets mest kjende forfattarar, Lena Andersson. Under snippet til høgre kan du sjå forsmaken på korleis filialstyraren må krype til korset for rikspresse, forlaget, osv osv. Men det kjem støtte frå ein «kommunikasjonsbyråkrat».

Biblioteksbladet har også «tatt saka». Dei intervjuar ymse biblioteksjefar, og angsten er stor for å bli sett på som Sensur-instans med stor S. Humor er ok, heiter det, men helst ikkje.

Høyrer det til historia at Lena Andersson nyleg har fått pepper for ein kronikk om at ungar frå fattige svenske familiar ikkje treng å sulte? Ikkje er ho snill med sosialdemokratiet heller.

Men dette gjorde at eg endeleg har lese «konspirasjonsromanen» hennar om Palmemordet, «Koryfeene». Med stort utbytte, og slett ikkje berre av den spenstige teorien om kven som drap han. Kaja Schjerven Mollerin hadde ein lang prat med henne om dette i Klassekampen i februar.

Leave a Reply