Falske litteraturlister: Tromsø 2025 – Belgia 1840

Forfattarane av rapporten «Ny barnehage- og skolestruktur» for Tromsø kommune gjekk nyleg i den elementære KI-fella og leverte ei litteraturliste med titlar som aldri har eksistert, jf blant anna nrk.no og bloggen til Mona Astrid Fonnes. Som prøver å gjere noko med det.

KI-verktøy fanst ikkje i 1840, men i Binche i Belgia var det ein slags parallell; ein bokauksjon av 52 sjeldne bøker, men så sjeldne at dei påståtte einaste eksemplara av dei heller aldri hadde eksistert. Til denne såkalla Fortsas-auksjonen baud dei inn bokhandlarar, bibliotekarar og bibliofile frå heile Europa. Problemet var berre at heile auksjonen var ein bløff, sett i scene av antikvaren og spøkefuglen Renier Hubert Ghislain Chalon (1802-1889).

Kathleen McCook, bibliotekskoleprofessor på The University of South Florida, skreiv i går om dette på bloggen sin. Ho skriv at Chalon «skal ha observert kaoset på avstand, og gledd seg over å sjå dei lærde og aristokratane bli lurte av sin eigen grådigheit etter eksklusive føremål» (mi omsetting).

Illustrasjonen viser rapporten frå Tromsø og katalogen til auksjonen i 1840, som ironisk nok er blitt eit stort samlarobjekt.

Leave a Reply