I haust var det ti år sidan bloggaren rapporterte i tidsskriftet Bibliotekaren om dei store nedskjeringane i folkebiblioteka i UK sidan 2010, då toryane starta nedskjeringane av det meste av velferdstilbod på øya. No har Labour i nokre år hatt høve til å rette opp ting, men lite har skjedd.
Det er ein fersk rapport frå fagforbundet UNISON som viser at talet på tilsette har falle med 47 prosent frå 2010 til 2025. I 2010/11 var det 17 902 tilsette, mens talet i 2024/25 var nede i 9 497 – ein nedgang på 8406 heiltidsstillingar. Dei mest ekstreme kutta kom i Sunderland (89 %), Walsall (83 %) og Sutton (79 %).
Opningstidene har òg gått kraftig ned – frå over 3,5 millionar timar i 2010/11 til under 2,8 millionar i 2024/25, ein reduksjon på 22 prosent. Samstundes har «meirope», eller unstaffed opening hours, auka dramatisk, frå 13 029 til 212 792 timar. UNISON peikar på at sjølvbetening skaper barrierar for barn, eldre og sårbare grupper, og aukar tryggleiksrisikoen. Mellom 2010 og 2024 blei 276 bibliotek stengde utan å bli erstatta med noko som helst.
Dette er altså eit land med store kulturelle og demokratiske tradisjonar som vi ofte samanliknar oss med her i landet. Når no krigsøkonomien står for døra, kan det vere viktig å studere historia frå Storbitannia.
PS: Også Klassekampens Yohan Shanmugaratnam og fotograf Line Ørnes Søndergaard har revisited UK ti år etter, nærmare bestemt Boston i Lincolnshire. Bibliotek er ikkje på tale i denne reportasjen, men mykje anna om forfallet i dette nabolandet vårt.
Oppdag mer fra Biblioteket tar saka #librarycase
Abonner for å få de siste innleggene sendt til din e-post.
