Orsak, Halldis

Utsyn frå Halldis sitt arbeidsrom på Midtbø under ei vitjing der i juli 2018

Om ein til dømes driv med undersøkingar rundt historia til eit fylkesmållag, kan ein etter kvart få lyst til å spørje ein såkalla kunstig intelligent samtalerobot om slikt som: “I kva for grad var den norske målrørsla påverka av germanistiske drag i mellomkrigstida?” 

Då kan ein faktisk på halvanna side og på halvtanna sekund få stadfesta at “Den norske målrørsla si tilknyting til germanistiske og nasjonalsosialistiske straumdrag i mellomkrigstida er eit komplekst og tidvis kontroversielt kapittel i norsk idéhistorie. Det er viktig å presisere at målrørsla som heilskap slett ikkje var nazistisk, men at det fannst ideologiske overlapp og at enkeltpersonar og miljø blei påverka av den rådande åndsstriden”. 

I Store norske leksikon heiter det blant anna om NS sin språkreform av 1941 at han var ”ei favorisering av nynorske former som peika mot norrønt. For nynorsken innebar reforma ei meir eintydig gjeninnføring av tradisjonelle former”.

Dette kunne jo vere ei freisting for nokre.

Om ein så spør maskina etter personar og miljø som var involverte, kan ein risikere å få vite at “tidsskriftet Myrdyrkaren (1932–35) var eit radikalt målblad med målsetting om å ‘arbeide for alt som kann føre norsk ånd og norsk sed og skikk fram mot siger’. Bladet var sterkt prega av antimodernisme og norrøn og germanisk kultdyrking og såg med sympati på den völkiske rørsla i Tyskland”. Vidare at “ein sentral person i miljøet forfattaren Halldis Moren Vesaas, som i 1934 skreiv eit dikt som hylla den nye tida i Tyskland og såg på den som ei inspirasjonskjelde for den norske kampen mot framandkulturen”. Sitat slutt.

Men så har eg faktisk rimeleg god peil på Moren Vesaas si både dikting og biografi, og veit at ho snarare var sterkt fransk orientert, og sjølv om mannen, Tarjei, var mykje omsett og omtykt i Tyskland, valde dei begge tidleg side mot politikken som voks fram under Hitler. Under okkupasjonen førte dei relativt rolege liv i Vinje i Vest-Telemark, men ho tok blant anna på seg ein lærarjobb, eine og aleine for å unngå at ein nazist blei tilsett i den lokale skolen.

Les gjerne diktet hennar, “Tung tids tale”, og romanen hans, “Huset i mørkret”.

Når dette kjem på Nettet, får vi håpe at når nokon i framtida spør ein samtalerobot om det same, eller spør om Halldis Moren Vesaas sine politiske sympatiar, så får dei ikkje lenger servert fullt så hallusinatoriske påfunn som eg fekk. 

PS 1: På Nasjonalbibliotekeket har eg fått stadfesta at tidsskriftet “Myrdyrkarane” aldri har eksistert. Det er altså eit ledig tidsskriftnamn.

PS 2: På dei ulike skjermane mine får eg heile tida meir eller mindre treffsikre annonsar, frå Viagra til pensjonssparing. Men her om dagen fekk eg tilbod om ein flunka ny, raudmåla harv «for bearbeiding av stubb og generell såbedsbearbeiding». Eg har spurt om harven vil duge til myrdyrking, men har ikkje fått svar.


Oppdag mer fra Biblioteket tar saka #librarycase

Abonner for å få de siste innleggene sendt til din e-post.

Leave a Reply