– Biblioteka forstår seg ikkje på falske nyheiter

Skjermbilde 2019-04-14 06.28.11Ein artikkel på Goethe Insitut si heimeside handlar om biblioteka sin kamp mot falske nyheiter og informasjon, mykje basert på artikkelen «Why librarians can’t fight fake news» i Journal of Librarianship and Information Science av M. Connor Sullivan, bibliotekar ved Harvard. Sullivan har mista trua på at bibliotek og bibliotekarar har noko særleg å stille opp imot dette trugsmålet. Han meiner blant anna at dei «framleis er for overflatiske» på dette feltet. Vi omset frå artikkelen til Goetheinstituttet:

«Ifølge Sullivan manglar biblioteka … ei djupare forståing av kva feilinformasjon er og korleis det påverkar aktiviteten i hjernen. Bibliotekas tidlegare arbeid på dette feltet har ofte antatt at å tilby sann informasjon er den beste måten å motverke falske nyheiter på. Men “den gode informasjonen” fyller ikkje eit tomrom, det må i staden vinne over falske nyheiter som alt er forankra i hovudet. Forskarar har kome til at …dette er ei mykje vanskelegare oppgåve. Om til dømes falsk informasjon har styrka allereie eksisterande overtydingar, kan forsøk på korrigering føre til ein såkalla tilbaketrekningseffekt – fakta som ikkje samsvarar med ein persons synspunkt, konsoliderer dei endå meir.»

Han nemner også problemet at ‘falske nyheiter’ har utvikla seg til ein moteriktig frase som blir brukt om ulike fenomen, ikkje berre om oppdikta nyheiter, men også slike som er farga av politiske grunnar, men som har ein ekte kjerne.

Men i artikkelen blir også ein representant for styret ved biblioteket i New York sitert. Ho meiner at «relaterte felt som journalistikk kan ha nytte av kunnskapen til biblioteka og at gode arkiv er viktig i kampen mot falske nyheiter.»

PS: Følg bloggen via epost, saman med p.t. 758 andre: Gå til kolonna til høgre og skriv inn e-postadressa di.

2 Trackbacks to “– Biblioteka forstår seg ikkje på falske nyheiter”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: