IFLA-trollet – klart til å sprekke for sola?

According to Norwegian folklore trolls can only be defeated by exposure to sunlight (Th. Kittelsen, 1906)

I tillegg til svenske Biblioteksbladet bryt i dag det viktigaste norske bibliotektidsskriftet, Bok og bibliotek, den allmenne togna rundt IFLAs konflikt med generalsekretær Leitner. Han som på kort tid presterte å bli kasta på dagen etter blant anna varsling frå tilsette, men for så å bli tatt inn i varmen igjen som ein heidersmann. Ein snuoperasjon som hovudstyret etter eit forlik har forplikta seg til å ikkje seie éitt ord om. Bok og bibliotek siterer mest frå Biblioteksbladet sitt temanummer, som kom både på svensk og engelsk.

Samtidig siterer tyske Forum Bibliothek und Information Biblioteksbladet og varslar at dei i januarnummeret vil intervjue både Biblioteksbladets redaktør og den tyske IFLA-presidenten Barbara Lison. Sistnemnde har stått last og brast med Leitner heile vegen.

Og 1. desember skreiv administrerande direktør Juha Manninen på nettstaden til den finske bibliotekforeininga blant anna at «Tiden vil vise om organisasjonen vil fornye seg eller om en ny blir født. … Det er mulig at problemene vil lettes dersom det sittende IFLA-styret i sin gjenværende periode tar seg sammen og tar grep, men arbeidernes tålmodighet er tydelig oppbrukt. De er den parten som er mest berørt av den langvarige situasjonen, og løfter og langsomme handlinger vil garantert ikke lenger overbevise dem» (Google omsetting frå finsk til norsk bokmål).

25. november hadde den franske nettstaden Actualité ei sak som også for det meste siterer det svenske tidsskriftet.

>> Nytt 17.12.: Nederlandske Bibliotheeksblad siterer frå Biblioteksbladet.

Elles er det løpande forsøk på oppdatering i enkelte sosiale medium (plutseleg kan det lekke noko her!): Felicity Jupiler Website and Twitter / denne bloggen, Biblioteket tar saka / rekrutteringstenesta Glassdoor med arbeidsgjevar-karakteristikkar av typen Where careers go to die (alle anonyme, frå 2019 til -21).

«Etterlengta bok om den skøyre bibliotekhistoria»

Bloggaren har under denne tittelen hatt gleda av å melde ei viktig og faktisk nyskapande bibliotekhistorie, The Library, a fragile history av briten Andrew Pettegree og nederlendaren Arthur der Weduwen. Sjå nettutgåva av Bok og bibliotek nr. 4, 2022, som kom ut i dag (og som inneheld mykje anna bra). Frå ingressen min: «Store og små inntrykk frå bokhistoria, bibliotekhistoria og bitar av vitskapshistoria strøymer på, og det går opp for meg kor sporadisk eg har sett meg inn i slikt gjennom snart femti år i yrket! Men inga bok har peika seg ut før».

Stockholm går ut av IFLA

Lesesalen på Sveavägen i lesesalen på Sveavägen

Alt i mai kunne vi melde at Stockholms stadsbibliotek, folkebiblioteket i Sveriges hovedstad, vurderte å melde seg ut av IFLA. No er dette ein realitet, ifølgje Biblioteksbladet:

«I mejlet nämner Daniel Forsman [biblioteksjefen, vår merknad] hot från Ifla om att Biblioteksbladets rapportering ska få juridiska följder samt att Svensk biblioteksförening har utsatts för påtryckningar om att tysta sin tidning.

”Iflas värdegrund stöder yttrandefrihet och en fri press. Genom att agera så här vid granskning förlorar Ifla trovärdighet och föregår med dåligt exempel».

Artiklane med stikkord IFLA på denne bloggen har uunngåeleg fått eit negativt preg i 2022.

Bibliotekpolitikkens uuthaldege lettheit

Dette er berre eit hjartesukk ein uggen søndagskveld i desember, men kanskje starten på noko meir. For i mange år har eg ergra meg, men også late meg fascinere av, kor vilkårleg utviklinga har vore av den nasjonale bibliotekpolitikken. Så ein vakker dag skal eg lese på ny alle dei gamle NOU-ane og stortingsproposisjonane osv. og lage ein statistikk over kor mange forslag og fromme ønske som ikkje blei noko av. Og kor mange idear ulike regjeringar ikkje eingong gad å kommentere (Øivind Frisvold gjorde grunnarbeidet i boka «Kunnskap er makt» i fjor).

Til dømes «Skredeutvalet» sin NOU frå 1991, med slett ikkje uambisiøse idear om folkebiblioteka som kunnskaps- og informasjonssentralar (då var informasjonsdatabasar det heilt store, og mange ante at noko ville skje, sjølv om WWW blei ei overrasking to-tre år seinare). Men ballademinister Åse Kleveland torpederte heile utgreiinga i kulturmeldinga året etter, for folkebiblioteket skulle vere litteratur og kultur, basta! (det positive var at også Skrede-forslaget om å lette på gratisprinsippet stranda).

Og ta det store prosjektet på starten av tusenåret, utgreiingane rundt «Bibliotekreform 2014». Landets ypparste bibliotekhovud m.fl. sa der at konsolidering, samanslåing, var løysinga. Men fagmiljøa blei både forvirra og tvilande, og då det etter kvart kom ei bibliotekmelding, var ideen og utgreiinga knapt nok nemnd.

Kvifor blei dette ei sak på bloggen akkurat i dag? Jo, det kom eit nytt nummer av Museumsforum med artikkelen «Museumsreformen. Kultivering, konsolidering og konflikt» (men først seksten år etter at ei museumsevaluering blei etterlyst i bibliotekmiljøet). Artikkelen inneheld mangfaldig kritikk av dei mange museumsfusjonane som faktisk blei gjennomførte over heile landet.

Neste bibliotekutgreiing blir vel ved hjelp av AI. Kanskje like greitt; det kan vanskeleg bli verre enn til no.

«Etikk» på toppane …

Dette gjeld ikkje berre i IFLA, den internasjonale bibliotekorganisasjonen, men også i FIFA, motstykket på fotballområdet. Men der hadde dei i alle fall tidlegare ein etikk-komité, ifølgje denne saka i dag på Nrk.no.

Den tidlegare, men avsette, leiaren for etikk-komiteen deira fortel blant anna at i FIFA blei det innført ein regel om at «ingen i Fifa offentlig kan si noe negativt om Fifa». Vi må anta at FIFA har halde kurs for liknande organisasjonar og at IFLA der fekk beste karaktér, diplom med gullskrift og medalje med eikelauv.

Les heile denne saka på Nrk.no og forstå meir om korleis dei tenkjer på toppane i 2022, ikkje berre sekretærgeneralar, men også hovudstyremedlemmar og dei fleste andre oppi der.

Biblioteket og kroppsvarmen

«Varmestuen», Oslo, 1931. Utsnitt. Fri bruk. Nasjonalbiblioteket

Ikkje berre sjeleleg, men også kroppsleg er biblioteka blitt viktige denne hausten. Særleg på dei britiske øyene har energiprisane kombinert med haust- og vinterkulda auka behovet for varmestover for folk, og biblioteka har mange stader peika seg ut til dette. Så frå å ha vore eit dilemma for den seriøse kultur- og kunnskapsinstitusjonen har dette blitt «eit bein å stå på», om ikkje redninga, for mange nedleggings- og nedskjeringstruga bibliotek.

Også rikspressa der borte har skrive om dette, no sist The Guardian i sjølve leiarartikkelen søndag: «The cost of living crisis has cast new light on their role as places not only to read and learn, but to keep warm. They cannot be allowed to dwindle».

Det var behov for dette også før i tida, men praksisen varierte nok. Ifølgje det bibliotekhistoriske verket «The Library», som vi omtalte i august, spurde seg presidenten for ALA, den US-amerikanske bibliotekforeininga, i 1894 om dei som kom til biblioteket for å lese aviser nokon gong las noko anna: «Are they not, for the most part, a vagrant and mal-odourous class, whose presence in the reading room repels many who would receive more benefit from it?».

Heilt enkelt var det heller ikkje for seksti år sidan i Oslo; også då var kroppslukt eit tema. Bok og bibliotek nr. 4, 1962 siterer sjefsbibliotekar Henrik Hjartøy i Deichmans årsberetning 1961:

Les mer «Biblioteket og kroppsvarmen»

Siste: Siger for dei Deichmantilsette!

Nettstaden VårtOslo skriv no i kveld, 7. desember: «Bibliotekarforbundet vant rettssak mot Oslo kommune». Det har handla om arbeidsgjevaren si einsidige utviding av opningstidene etter at Deichman Bjørvika blei opna. Det blei fleire vakter på kveldane, i helgene og på heilegdagar, men etter domen i dag er det klart at slike utspel eventuelt skal avtalast med dei tillitsvalde.

«— Vi er veldig fornøyde med avgjørelsen fra Arbeidsretten, seier Veronicha Angell Bergli, forbundsleiar i Bibliotekarforbundet. – Med denne dommen kan vi legge ti års uenighet bak oss og sammen komme frem til ordninger som er gode for både bibliotekets brukere og våre medlemmer … Bergli understreker at saken ikke handler om at bibliotekarer ikke skal jobbe kveld og helg».

Bøker og presseomtale

Ha ein god vinter!

For ein månad sidan hadde vi «Lirhus-debatten» om pressa sitt bestseljarfokus når det gjeld norsk litteratur, med god hjelp av forlaga sjølv. Her om dagen kom det frå Florida (!) ein omtale av ei norsk praktbok frå 2021, men som eg aldri før har høyrt om. Det var bibliotekprofessor og bloggar Kathleen McCook som skreiv om boka «The Nansen Photographs» av Geir O. Kløver. Forfattaren fekk nyleg ein internasjonal pris for beste «polarbok».

Men ifølgje Atekst har boka her i landet berre fått omtale i lokalavisa i forfattaren sin heimby Drøbak og i Klassekampen og Nrk.no.

Kan grunnen vere at Kløver i denne og fleire band basert på dagbøkene til heile mannskapen reduserer Nansen frå den optimale nasjonalhelten til ein sjølvopptatt og dårleg ekspedisjonsleiar?

PS: Og denne boka, på over 700 sider, med dei mange fotografia frå Nordpolekspedisjonen og med dagbøkene, finst berre ved seks norske bibliotek. Og alle er p.t. på hyllene (men snart står éitt av desse i hentehylla på Moss bibliotek med underteikna som fjernlånar).

IFLAs elefantar

Medbloggar Mikael Böök er i dag på topp i det svenske Biblioteksbladet si nettutgåve: «Fem elefanter i Iflas rum». Han meiner vi må tenkje lenger fram: «Ytligt sett handlar det om turbulens i ledningen efter det abrupta avskedandet av generalsekreteraren Gerald Leitner i våras. Många verkar tro eller hoppas på en återgång till det normala när vi väl fått veta vad avskedandet egentligen berodde på och en ny generalsekreterare har övertagit rodret.  Fast det kanske vi inte får veta eftersom Iflas styrelse och Leitner har förlikats i ett sekretessavtal».

Bööks påfølgjande fem elefantar er saker og ikkje-saker han meiner burde vore aller viktigast for ein global bibliotekorganisasjon anno 2022. Les heile innlegget og sjå til at det blir debatt.

For kva skjer, tenkjer eg, om det faktisk ikkje blir openheit om denne saka? Kan ein slik organisasjon leve vidare? Stockholms biblioteksjef vurderer alt å melde seg ut. Kva skjer når andre land får tilsvarande kritisk informasjon som Sverige og Norden har fått gjennom Biblioteksbladet?

>> Del det engelskspråklege innhaldet frå BBL og BTS med kjende i utlandet. Gjer også merksam på «Felicity Jupiler».

Kven kunne ta initativ til ei uavhengig evaluering av IFLA? Og kva med denne øvinga: Om IFLA ikkje fanst, men nokon skulle oppretta ein global bibliotekorganisasjon i 2022, korleis ville den blitt? Ville digre fysiske verdskonferansar kvart år vore den dominerande verksemda?

Har WLIC-konferansane nokon gong vore evaluerte? Eg har berre vore på éin, som journalist i Oslo i 2005, men inntrykket mitt var at 80% av deltakarane mest nytta høvet til ein arbeidsgjevarsponsa ferie. Vigelandsparken og Holmenkollen ski-arena skal ha vore fulle av bibliotekfolk i aller beste seminar-tid.

PS: Eg har alltid tenkt på FAIFE som noko av det viktigaste IFLA kan drive med. Derfor intervjua eg dei tilsette ved det nye, eigne kontoret i København i 1998 under tittelen «FAIFE – ei skjerping av bibliotekideen» (Bok og bibliotek nr. 5/98). Komiteen eksisterer framleis, men for lengst er kontoret deira ute av soga, det same med dei eigne årbøkene. Og ideane dei formidla til IFLA sitt hovudstyre har altså mista all kraft.

– Twitter er irrelevant

I Bok og bibliotek i 1994 blei fenomenet newsgruppe, dåtidas SOME, nemnd av Thomas Brevik første gongen. Klikk og les

For eit drygt år sidan kutta eg ut Facebook, så blogginnlegga mista ein kanal ut. Nedlastingane frå bloggen blei reduserte frå 60 tusen i 2020 til 40 tusen i fjor. Men det måtte til. No er spørsmålet om Twitter må gå same vegen. Om ikkje heile tenesta klappar saman før eg kjem så langt.

Same kva, hausten/vinteren 2022-23 kan bli lagnadstung for sosiale medium. Men kan det bli ei tid for endring og kanskje kollektiv, solidarisk nytenking?

Mange har skrive om dette dei siste vekene. Éin av dei betre er William Shoki, sørafrikanar og spaltist i Klassekampen. I dag skriv han «Farvel til Twitter» og med undertittelen «Twitters død bør være irrelevant for oss som ønsker en ekte solidaritet» (har du ikkje tilgang, kan du lese originalen på «Afrika is a Country»).

Nokre høgdepunkt:

Les mer «– Twitter er irrelevant»

Ikkje berre i november

Ei av fleire aktuelle bøker i haust

Gamle fordomar er ikkje som før, og det er større openheit om psykisk helse. Og det har aukande merksemd blant folk. Berre ikkje i regjeringa i deira aktuelle statsbudsjett

Også biblioteka merkjer dette i form av ny både populærvitskapeleg og skjønnlitteratur med dette som tema. Og i det første vitskapelege verket om det norske «debattbiblioteket», Elin Golten si ferske doktoravhandling ved OsloMet, kan ein til dømes lese i eit intervju med ein bibliotektilsett at hos dei har dei hatt «fleire arrangement om psykisk helse, og då har det kome mange som dei ikkje har sett på biblioteket elles».

Under Verdsdagen for psykisk helse no i oktober var det ein god del arrangement og utstillingar i bibliotek (men dei ansvarlege, Mental Helse, på vegner av Helsedirektoratet, kunne gjerne ha hatt bibliotek som eitt av vala under «Type markering»).

Og i dag har Helsebiblioteket presentert ressursane dei har på feltet, blant anna mange frie «Oppslagsverk innen psykisk helse». Du kan enkelt tinge nyheitsbrev frå Helsebiblioteket, lengst nede her.

Kven skal trøyste IFLA?

IFLA veit å feire seg sjølv. Her frå verdskonferansen i Oslo i 2005

Måndag skreiv vi om eit komande temanummer om IFLA-krisa frå det svenske Biblioteksbladet. Dette er no ute som pdf, rett nok enno ikkje den engelskspråklege utgåva når vi skriv 24. november og klokka er 15.00.

>> Kl. 15.46: The English version is out.

Frå leiarartikkelen: «Bilden av en dysfunktionell organisation tonar fram, där avlägsnandet av en ledande person knappast kommer att vara tillräckligt. Det krävs förmodligen betydligt mer för att Ifla ska läka».

Underteikna har til no, 24. november kl 14.45, berre lese den åtte siders reportasjen til den kjende journalisten Lisa Bjurwald som redaktør Thord Eriksson sende til Haag for å forsøke å grave i materien. Men bladet er på 50 sider, og det meste handlar om IFLA.

Bjurwald går gjennom bakgrunnen bak oppseiinga og den påfølgjande hundre og ti prosent rehabiliteringa av generalsekretær Leitner, meir eller mindre slik vi kjenner saka her på bloggen, med referensar til Biblioteksbladet og den anonyme «Felicity Jupiler» på twitter og no på eiga nettside.

Journalisten får ingen svar ved hovudkontoret i Haag eller frå folk i sentrale posisjonar. Ho møter opp til ei forhandling i arbeidsretten i Haag, men utan at …

Les mer «Kven skal trøyste IFLA?»

Helsetilsynet og Mjøs Persen om bibliotek som «NAV-hjelp»

Informasjon kan vere vanskeleg

I august skreiv vi om Sintef-rapporten som viste at sparsame opningstider ved NAV-kontor gjer at bibliotek må hjelpe klientar med det digitale. Men i dag seier Rigmor Hartvedt i Helsetilsynet til Fri fagbevegelse at «den funksjonen bør ikke overlates til kommunalt ansatte som ikke jobber i Nav. – Det skal være Nav-ansatte som tar imot brukerne. Det er de som har kompetansen til å fange opp behovene. Å bruke for eksempel servicetorg, bibliotek eller resepsjonen på Rådhuset kan føre til at brukere ikke får riktig informasjon om Nav-kontorets tjenester».

Helsetilsynet vil «gjennomføre undersøkelser i tiden framover for å kontrollere effekten av igangsatte tiltak». Og dei har intervjua arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap), som «har registrert rapporten og lover oppfølging. – Arbeidet med å rette opp er allerede i gang. Nav og KS er i dialog om bedre telefonløsninger. Departementet har sendt et brev til alle landets kommuner. Arbeids- og velferdsdirektoratet har bedt etatens fylkesdirektører om å ta opp spørsmål om åpningstider med alle kommuner i partnerskapsmøtene i Nav-kontorene fremover, … Hun legger til at hun skal be Nav om en plan for videre oppfølging, og vil følge arbeidet tett videre».

Så får vi sjå korleis det går. Bruk gjerne kommentarfeltet nedanfor om det ikkje er betring å spore.

IFLA-krisa: Svensk temanummer på engelsk

Når ingen andre gjer noko, med unntak av Mikael Böök her på bloggen og «Felicity Jupiler» på Twitter og nett, så tar Biblioteksbladet ansvar. Vi siterer: «Nya Biblioteksbladet ägnas helt åt situationen inom den internationella biblioteksfederationen Ifla. Eftersom ämnet angår Ifla-medlemmar i hela världen produceras även en engelskspråkig edition av tidningen».

Kor mykje lenger kan bibliotek-toppane låse inne informasjonen for medlemmane sine no?