Kultur i kommunane?

Hugser ikkje kor vi fann dette

NOKU – Norsk Kulturforum – gjekk nyleg i Kommunal Rapport relativt kraftig ut mot KS om graden av satsing på kultur i kommunane. For i ei spørjeundersøking frå KS om «kommunenes egne erfaringer fra koronakrisen i 2020» var ikkje kulturfeltet tatt med. Så svarer KS i dag med ei opplisting av tilsynelatande alt dei gjer på området. For ein bloggar som aldri har vore imponert over KS sin interesse for bibliotekfeltet er det freistande å slå på svadafilteret. Då dominerer formuleringar som «styrket kunnskap … tettere dialog … styrket dialog … ambisjoner fremover belyses … fremtidige innsatsområder» osv. Men vi merker oss likevel at KS «samarbeider blant annet med NOKU om en veileder i tverrsektorielt arbeid, og om å synliggjøre koblingene mellom kultur og bærekraft». Og vidare at KS jobbar med «en egen veileder i utvikling av kulturpolitikk».

På eit tidspunkt var det det vel NBF som prøvde å få KS til å engasjere seg for betre vilkår for e-lydbøker til biblioteka, men responsen var minimal. No kunne KS retta opp inntrykket ved å støtte Aslak Sira Myhre og Nasjonalbiblioteket. I foredraget sitt til NBs strategiske råd sa han at han «har gitt bokbransjen ein frist, «og eg tror det blir løyst før det blir ein politisk sak»». Men det var i oktober, og fristen sa han ingenting om.

PS: NOKU har på si side gått ut med ei spørjeundersøking til «kulturledere i kommunen» (då må jo også biblioteksjefen kunne svare). Men også her er svarfristen i det blå.

Råd mot Netf(l)ixsering

I Fredriksstad Blad har biblioteket fast tips-spalte. For ei veke sidan var tipset noko vi har venta på (men kanskje finst dette fleire stader allereide?): Under overskrifta «Når du er lei av de største strømmetjenestene» heiter det: «Fjernlånstjenesten  www.bibsok.no er en helt fantastisk side å bruke for å finne diverse filmer som ikke er å få tak i via de største strømmetjenestene». Til dømes har bibliotekar Stig Kaino søkt, tinga og fått sjå alt han har ønska seg av gamle samuraifilmar.

Det var noko sånt vi etterlyste for snart tre år sidan: «Kan biblioteket redde kvalitetsfilmen i Norge?». Rett nok vil DVD-ane og BD-ane bli utslitne etter kvart og vanskelege å erstatte. Og det same med spelarane til folk. Men med så mykje film som framleis finst rundt på norske bibliotek, har vi ikkje råd til å ikkje tilby dette.

Og vi gjentar oss sjølve: Det einaste vi treng no er ein litt attraktiv plakat og tilsvarande delebilde. Kven fiksar dét?

Fleire nye bibliotek

For ein månad sidan blogga vi om behovet for å tenkje nytt – pandemisk nytt – når det gjeld bibliotekarkitektur. Og vi lista opp nokre kommunar med byggjeplanar. I løpet av ein månad har lista vekse (takk til tipsarane!) til heile 15 norske kommunar, pluss nokre svenske. Den siste nye er Heim (nye) kommune, med planar om nytt hovudbibliotek i Kyrksæterøra. Hallfrid Skimmeli, leiar i Norsk bibliotekforening Trøndelag, markerte i går dette med eit lesarinnlegg i avisa Sør-Trøndelag. Og det er plass til fleire bibliotekplanar. Bruk kommentarfeltet eller e-post.

Men her eit usakleg PS, til naud berre passande på ein laurdag:

Les mer «Fleire nye bibliotek»

Kva har eit kyllingbein og eit sagblad felles? (det er fredag)

Og det tid for quiz: Mange lesarar av denne bloggen vil kunne leggje til både det eine og det andre som har vist seg å gjere same nytta som desse to … artefaktane, må ein vel kunne seie. For dette handlar om det nærmaste ein vanleg bibliotektilsett kjem arkeologisk utgraving (utanom bøkene på 930.1. Og så har du dei som jaktar på førsteutgåver av Ibsen i nedlagde filialar).

Les denne saka i The Guardian, så har du svaret. Og legg gjerne til i kommentarfeltet kva du måtte ha av slike oppdagingar. Vi veit nokre samlar på sånt.

Det går ikkje å leggje inn foto i kommentarfeltet, men send gjerne foto til denne adressa, så kan vi få til ei nettutstilling etter kvart: frilanders @ gmail.com.

Go hælj!

MoM

Vi har vore inne på det før, at blant norske bibliotek som bloggar har vi stor sans for Mangfolds- og migrasjonsbiblioteket (M0M). Dette biblioteket til Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) og tenestene deira er sjølvsagt viktig for alle folkebibliotek, institusjonen som utan tvil er ein av dei mest inkluderande offentlege institusjonane våre.

I dag bloggar dei om ei ny bok frå Fagbokforlaget: «Ulikhet: sosiologiske perspektiver og analyser». Forlaget minnar om at «det kommende stortingsvalget vil ha ulikhet som tema. Bidra til å sette tema tettere på dagsorden. Det er mye som reproduseres gjennom generasjoner».

MoM-biblioteket har også som vane å leggje ut lenker til andre relevante kjelder. Her på bloggen kategoriserer vi dette under «Kunnskapsbiblioteket». Sjå denne og andre kategoriar borte i høgre kolonne >>

Lang og utru teneste

Underteikna bloggar, og tidlegare bibliotekar, bibliotekbyråkrat, webredaktør og journalist i Norsk Bibliotekforening og Bibliotekforum, og før dét i Bok og Bibliotek med fleire, fekk altså denne to-årlege prisen av NBF i 2020. Koronaen stoppa både landsmøte, tale og takketale i mars det året, men det blei i staden overrekking på biblioteket i Rygge (no også kalla Moss) pluss ferskt intervju ved Vidar Kvalshaug.

Formidlingsdilemmaet

I Stratford i London innførte biblioteket for nokre år sidan «palleutlån» av bestseljarar

Morgenbladet har dei siste vekene skrive om «anbefalingstyranniet» i NRK P2 si kulturdekning. I dag går journalist Aksel Kielland eit steg vidare når han utdjupar at «Vår tids besettelse med å demonstrere nytelseskompetanse er et produkt av dypereliggende strukturer i de digitale mediene». Det handlar mest om tv-seriene og korleis dei populære seriene blir haussa endå meir opp, av ein statskanal som tidlegare brukte meir krefter på dei seriene og andre åndsverk som fekk mindre omtale andre stader. Han skriv blant anna også: «Problemene stikker langt dypere enn en ureflektert og ukritisk kulturjournalistikk. De sosiale mediene indoktrinerer oss til å forstå oss selv som deltagere i en oppmerksomhetsøkonomi snarere enn et samfunn, og ytringer som varer i et marked snarere enn bidrag til en offentlig samtale. Det er nemlig ikke bare markedsføringens språk som er kodet inn i de sosiale mediene, men også Silicon Valleys nyliberalistiske verdensbilde».

Marius Hoel, kultursjef i NRK, svarer: «Målet er å lage aktuelt kultur- og samfunnsinnhold som gir lytterne energi og lyst til å delta i samfunnet. … Grunnen til at vi har anbefalinger, er at vi som allmennkringkaster ønsker å gi flere tilgang til kulturinnholdet, og ofte lykkes vi med å skape nysgjerrighet og interesse hos nye grupper».

Dette låter då kjent. Dilemmaet til NRK er ikkje veldig ulikt det vi kan lese ut av sånt som Harry Potter-debatten vi nyleg har hatt.

Les mer «Formidlingsdilemmaet»

Harry oppsummert

«Round glasses, similar to those used by the fictional character Harry Potter» (det finst f.t.m. ikkje frie illustrasjonar frå bøkene eller filmane). Foto: Ultra-lab (CC BY-SA 3.0)

Ragnhild Malfang, seksjonsleiar ved Lillestrømbiblioteka, skriv i dag ein kronikk i Periskop, nettstad for «Kritikk av kunst for barn og unge»: «Om å like Harry Potter og være oppgitt over Rowling samtidig». Ragnhild har vore med på denne reisa sidan bok 1 i 1999 og ser på alle måtar ut til å ha rimeleg god bakgrunn for eigne meiningar. Les henne.

Vi vil berre framheve ei sak som denne bloggen er tufta på. Ho skriv: «Bibliotekene skal heller ikke skygge unna å debattere utsagnene som har kommet fram, selv om det kan føles enklere å fokusere på kosen og fellesskapet. Bibliotekene har en mulighet til å sette spørsmålene på agendaen og i en større sammenheng. Vi bør invitere folk med ulike meninger inn i samme rom for å debattere, og bidra til å en opplyst samtale. Vi trenger ikke å være enige for å behandle hverandre med respekt, lytte og søke en forståelse for hvordan verden ser ut fra andre synsvinkler».

PS: Underteikna har i femti års tid vore blodfan av ein filmskapar som no er midt i ein liknande skjærseld som Rowling. Han laga blant anna ein film med namnet «Deconstructing Harry»

Bibliotek er blitt god byutvikling, men …

Eit bibliotek for skituristar i Italia

Oppdatert 14.2. kl. 20.45.

Fleire norske byar og tettstader planlegg nye, gode bibliotek i dag. I tillegg har vi bibliotek som pregar bybiletet i Oslo, Bodø, Drammen, Tromsø osv. Rett nok finst det motsette tendensar. Men i Aftenposten 8. februar plasserer samfunnsvitar, byutviklar og bibliotekven Erling Dokk Holm biblioteket sentralt i ein overraskande type tettstad: Hyttebyen. Vel, feilen her i landet er at desse ikkje er byar, meiner han.

Artikkelen heiter «Voldsom hyttebygging i fjellet skaper store naturinngrep og konflikter. Vi bør lære av småbyene i Alpene». Det handlar om hytteområdet Sjusjøen (7000 hytter) i Ringsaker. I staden for å planleggje og byggje konsentrerte landsbyar, som i Alpane, lar dei her hyttene breie seg utover i naturen. Og hyttefolket sjølv taper, for dei får stadig lenger veg til moltene og til snøen under skia. Dokk Holm skriv vidare: «Det skulle være slik at man drømte om å dra til Sjusjøen sentrum. Ikke fordi det var nyttig (Kiwi ligger der), men fordi det også var en hyggelig restaurant eller to der, fordi det fantes et intimt torg, et bibliotek, et bakeri og en kaffebar» (vår utheving).

Og han skriv om Ringsaker at det er «merkverdig at ikke hytteutbyggingen skaper større verdier for kommunen. Det ble registrert en vekst på fire (4) innbyggere i kommunen i siste kvartal 2020, kommunen planlegger å gå med et lite underskudd i 2020, og må tære på oppsparte midler og kutte i offentlige tjenester. Ikke minst presser det seg frem nedlegging av skoler».

Og bibliotek, må vi leggje til. For i Ringsaker Blad kan vi tre dagar seinare lese om ungdom som kjempar mot nedlegging av bibliotekfilialen på Brøttum. Det er eit skolebibliotek med «integrert folkebibliotek».

PS 1: Nokre vil hugse «Fristaten Lucky Næroset» på vegen mellom Sjusjøen og Moelv, …

Les mer «Bibliotek er blitt god byutvikling, men …»

Då alle røyka i biblioteket

I 1970 blei det laga ein bibliotekfilm, ein Deichmanfilm, på over ti minutt og i fargar. Og faktisk av ein filmskapar «som var med på å forme 1970-årenes film i Norge», nemleg Arnljot Berg, ifølgje Wikipedia.

Tittelen, «For Lærde og Lærdoms elskere», er eit sitat frå 1780-talet av grunnleggjaren, kanselliråd Carl Deichman, og det er mykje stiv spankulering her i pudra parykk. Men sitjande i dei same trappane møter vi samtidas, altså 70-talets, frigjorte ungdomar i avslappa samtale.

Og sjølvsagt røykande. Slik også i biblioteksjefsmøterommet, med dåverande sjef, Hans Fløgstad, i hovudrolla. Ein ubetaleleg scene i dag, …

Les mer «Då alle røyka i biblioteket»

Follow the Sun

4. februar er sola så «høgt» at ho akkurat kikker inn i stova til bloggaren. Før ho går ned.

Vi har tidlegare formidla forskingsresultat frå prosjektet REALM om levetida til koronaviruset på ulike bibliotekrelevante overflatar som bokomslag, papir, harde og mjuke DVD-omslag osv. No har prosjektet kome med to nye del-rapportar (nr. 7 og 8) (pdf-fil) der dei har samanlikna levetida til viruset på desse overflatene under ulike temperaturar. Og kort fortalt: Etter 6-8 dagar i varme omgivnader er det ikkje virusliv å spore.

Men samtidig skal vi hugse at virus på overflater betyr mykje lågare risiko enn dropesmitte i nærkontakt med koronasjuke.

Det varme miljøet i forsøka har vore 28 til 29 plussgradar og det kalde 1 til 4, framleis på plussida. Ingen av delane har vi nokon gong opplevd inne i eit bibliotek, men tendensen er vel grei.

Så her har vi endå ein grunn til å sjå framover mot sol og sommar.

PS: Vi har spurt REALM-folka om dei vil forske på dei nye, eksotiske mutasjonane, men ikkje fått svar.

Bibliotek(arar) i litteraturen (eller den bisarre feilkjelda i Bokhylla.no)

Orsak, det heiter jo ikkje bokhylla.no lenger, sjølv om URL-en fungerer, men i overskrifta duger ikkje nb.no og heller ikkje det nye, offisielle namnet «Nettbiblioteket». For dette har ikkje Nasjonalbiblioteket (NB) einerett på, og derfor omfattar det mykje forskjellig anna. Og domenet Nettbiblioteket.no er ikkje i bruk.

Men til saka: Bloggaren blei nysgjerrig på kor viktig bibliotekaren er i samfunnet. Éin veg til svaret kunne vere å fulltekstsøkje i den nemnde basen til NB. Då fekk vi tal vi tenkjer er overraskande høge. Eit søk på «bibliotekar*» gav for dei siste tjue åra 4456 treff i skjønn- og 5118 i faglitteratur. Og heile 1076 treff i barne- og ungdomslitteratur. Pluss 1299 «uklassifisert». Utan at dette betyr at bibliotekarar har hovudroller i desse bøkene. Men å kome djupare i materien er utfordrande, for desse nyaste bøkene er ikkje opne for andre enn forskarar. Ein tur på det lokale biblioteket kan gje eit visst inntrykk, men der må vi bla gjennom kvar bok vi finn på trefflista. Derimot er dei eldre bøkene med treff, 20 302 i alt, mulege å skrutinere. Noko vi kjem til å gjere, innimellom. Mest for moro skuld. Men ein masterstudent kunne vel prøvd seg seriøst?

Men å søkje i denne basen etter litteratur om bibliotek, altså om institusjonen, er ironisk sett ei mykje større utfordring. Her bør du kjenne tittel, forfattar og/eller personnamn, stad, emneord og tema. Kvifor er dette så vanskeleg i biblioteka sin eigen base?! Jo, mange har sikkert støtt på det; …

Les mer «Bibliotek(arar) i litteraturen (eller den bisarre feilkjelda i Bokhylla.no)»

«Digi-lånet» under nedstenginga

Berre ved å «blåse opp» kan vi ane at talet på brukarar auka med 29,3 %, men dette er teknisk skralt
av eit nasjonalbibliotek!

Nasjonalbiblioteket har lagt ut ein kort rapport om «Bruk av Nettbiblioteket på nb.no i 2020». Ikkje overraskande er auken stor, ikkje berre under nedstenginga, då også nyare innhald var fritt tilgjengeleg, men for heile året under eitt; 41 prosent auke samanlikna med 2019. Det viktigaste er vel likevel at mange fleire fekk augo opp for denne tenesta, og kanskje også for biblioteka generelt? Dette bør nokon grave i. Hei, forskarar og masterstudentar!

Men: Enkelte bibliotekarar vi har snakka med seier no at fysisk både besøk og utlån har gått ned dei siste månadene. Om det stemmer, kva kjem det av? Koronarisikoen? Lydbokoppsvinget? Netflix og seriesløvsinnet? Nettbiblioteket?!

Og: Korleis vil tala om NB-bruken i 2020 kome fram i bibliotekstatistikken og ikkje minst i KOSTRA, som er det politikarane les?