Biblioteket og tida vi har på lån

Skjermbilde 2020-02-18 kl. 23.27.13.pngI biblioteket i Mill Valley, California, har dei starta eit omfattande program med foredrag, debattar, boktips, podcastar, blogg osv. osv. med fokus på klimakrisa: Borrowed Time.

Men også dette stiller vi på denne bloggen nokre kritiske spørsmål ved.

Det er ingen tvil om at folkebibliotek i dag ønsker å ta på seg større samfunnsansvar enn å «stille bøker og andre medier gratis til disposisjon», slik det har heitt i biblioteklova i nokre generasjonar. At det skal skje gjennom «aktiv formidling» har kome til, og for seks år sidan dette med møteplass og samtale og debatt.

I fleire år har til dømes det USA-baserte …

Progressive Librarians Guild skrive om slikt, men no har dette på få år blitt hovudstraums, særleg etter at forfattaren Lankes annonserte at vi må «gjøre lokalsamfunnet smartere», Her om dagen såg vi at også det elles så pragmatiske OCLC har «Building stronger communities» på dagsorden.

Men kor mykje er reellt og kor mykje er ein motebølgje? 

Med-bloggar Mikael Böök har peika på eit anna verkeleg stort trugsmål mot menneskeætta som korkje bibliotek, media eller politikarane bryr seg noko særleg om, nemleg det kjernefysiske våpenkappløpet. Der lever vi også på lånt tid. Før klimakrisa, særleg på 1980-talet, var dette ei stor sak, men ikkje i dag.

Dette kjem Böök til å sjå nærmare på i foredraget sitt på konferansen til IFLAs  Special Interest Group on Library Publishing på OsloMet 5. og 6. mars.

Den europeiske bibliotekorganisasjonen EBLIDA lanserer no ein «EBLIDA Matrix», som biblioteka skal bruke for å følgje opp «Europe 2030 Agenda for Sustainable Development». Om du klikkar på rute nummer 16, kjem du til «Goal 16: Promote just, peaceful and inclusive societies».

Men ikkje eitt ord om våpenkappløpet. For dette er EU-politikk, og dei fleste EU-landa er også med i NATO. Men det var her dei uavhengige biblioteka skulle kunne gjere noko anna enn EU og statane dei høyrer til i.

Og samtidig er militær opprusting eit av dei største trugsmåla mot miljøet.

Leave a Reply